Han har brukt fugleforsking som fredsarbeid og militært utstyr til å kartlegge fuglar sine trekkruter. Han har utvikla utdanningsprogram og samarbeid mellom skular i land som er i krig med kvarandre og hatt besøk av folk som Bill Clinton. Tysdag 3. juli kl. 19.30 held professor Yossi Leshem gratis foredrag ved Runde Miljøsenter. Det er ei stor internasjonal stjerne som kjem til Runde Miljøsenter første veka i juli. Professor Yossi Leshem er den best kjente fugleforskaren i Israel og ein nestor blant ornitologane internasjonalt. Han har brukt utradisjonelle metodar i arbeidet sitt og har oppnådd store resultat. Mellom anna har kartlegginga hans av fuglane sine trekkruter over Israel ført til ein reduksjon i talet på kollisjonar mellom fugl og fly på heile 76 prosent! Det har spart mange menneskeliv og over 800 millionar dollar. Meir enn 350 skular i Israel, Palestina og Jordan er engasjerte i fugleforskingsprosjekt han har utvikla, og også landbruket i dei same landa har hatt stor suksess med å bruke tårnugler og falkar i kampen mot skadedyr. Lesheim skal først delta på ein konferanse i Stavanger. Men når han først kjem til Noreg, er det sjølvsagt å ta turen til Runde også. Her skal han bli kjent med utviklinga i fuglefjellet og lære om havørn av den fremste norske eksperten på feltet, Alv Ottar Folkestad. Og i tillegg vil han altså, heilt gratis, dele av kunnskapane og erfaringane sine med dei som møter fram i auditoriet ved Runde Miljøsenter tysdag 3. juli kl. 19.30. Tittelen på foredraget er «Birds as peace makers in the Middle East», det blir på engelsk, og alle er hjarteleg velkomne. Birds.org.il Youtubevideo om arbeidet
Jordansk bonde held tårnugle i Kibbutz Sde Eliyahu, Israel, 13.juni 2010. Foto: Hagai Aharon.

Jordansk bonde held tårnugle i Kibbutz Sde Eliyahu, Israel, 13.juni 2010. Foto: Hagai Aharon.