Foto: Skjermdump av nek.no av båten «Karoline» – den første elektriske sjarken av Selfa Artic.

RMS deltok på oppstartsmøtet i Landstrømsforum i Oslo 12. april. Dette er eit tiltak som er koordinert av NEK, https://www.nek.no/nek-komiteer/forum/

Elektrifisering av skipsflåten er kome høgt på agendaen. Fyrste bilferga «Ampere» med batteri og lading kom i drift i 2015, og no er det 60 ferger under bygging eller i ordre, som for det meste verte basert på batteridrift, samt nokre med hydrogen og brenselscelle. Vidare er det aktuelt med del-elektrifisering av nye hurtigruter (hybridløysingar) og elektrifisering av arbeidsbåtar og flåter innan fiskeoppdrett.

Innan 2023 skal verdsarvfjordane vere utsleppsfrie, slik at båtar som trafikkerer Geiranger må ha nye løysingar. Landstrøm til erstatning for dieselagregat for skip ved kai har eksistert lenge, ofte etablert på ad-hoc basis for spesifikke skip.

Denne store omlegginga no til fleksibel landstrøm og lading  av ulike skipstyper er utfordrande for nettkapasiteten ut til mindre hamner. Der er også logistikkutfordringar, og diskusjonar om kven som skal bygge og drifte anlegga. Skal skipa tilpasse seg anlegga på land, eller må anlegga kunne tilpasse seg til ulike opplegg til skip (50 eller 60 Hz frekvens til dømes).

Kva med kvalitetskrav til skipa sine el-system? Ulike standardar eller mangel på slike, er ei anna utfordring, men deltakarane på møtet var samde om at det meste kan løysast. RMS vert no med i ei arbeidsgruppe som skal sjå på kapasitetsbehov for el-forsyning til anlegg, og behov for batteribank m.m.

Publisert april 2018  Lars Golmen

Saka er henta frå havenergisenteret.no