(Foto: Andreas Winter) 10. mars vil Runde Miljøsenter, SSR og Runde Grendalag arrangere ilag med Hold Norge rent ein ryddedugnad for å rydde øya før fuglane kjem. (Sjå program lenger ned) Arrangementet vil starte med å dele litt kunnskap og ei lita matykt, før alle får utdelt roder, hanskar og informasjon. Det vil også bli arrangert tre båtturar ut rundt fugleøya, for dei som deltek i ryddinga og dei kan få med seg korleis det ser ut kring Runde denne dagen. Kvifor ryddedugnad?  Vi ynskjer så mange som mogleg kan kome og hjelpe til. Med å vere 20 stykker som ryddar får vi til litt, med å vere 100 stykker får vi til utruleg mykje! I fjor var vi 100 menneske som rydda, slår vi det talet i år? Vi rydda lett 1 tonn før fuglane kom i fjor på nokre få timar. Kvifor rydde før fuglane kjem? Avkapp og anna tauverk er ein stor del av reirmateriale til havsula. Mange som valde å vere med båten i fjor vart overraska då dei fekk sjå over kor mykje plast som var i reira til havsula. Når vi rydder Runde så vil vi som ryddar sørgje for at fuglane får eit reint område med minst mogleg plast framover.   Program: 11:00 Oppmøte på Runde Miljøsenter 11:05 Opning av arrangementet 11:10 Foredrag og matykt 11:30 Generell informasjon om rydding og rodeutdeling 11:45 Ut å rydde 14:00 Ferdig Generell info:  Det vil vere høve til å vere med på båt. Vi har totalt 36 plassar til rådigheit. (12 plassar x 3 turar) Du kan skrive deg opp på båttur etter kl 11:45. Viss du var med på båttur i fjor, så oppmodar vi deg om å la andre få vere med denne gangen. Runde Mijøsenter oppmodar klubbar med meir om å kome for å få med seg denne dagen. Dette er ein dag for store opplevingar og ny kunnskap. Er du ein dykkar, fotograf, kajakkar, speidar eller liknande, meld deg og klubben din på til Charlotte Hauge (Runde Miljøsenter). Velkomen til årets viktigaste ryddedugnad på Søre Sunnmøre!   Foto: Andreas Winter