Lars Golmen frå Runde Miljøsenter deltok med innlegg og i diskusjonar på eit fransk-nordisk seminar i Caen i Normandie 1. april 2017. Temaet var korleis få stimulert til utbygging av havenergi i Normandie, også hav-vind. Det er enno ingen utbygging av betydning i regionen, mens der er eit betydeleg potensiale.

På land er det berre nokre få vindmøller og sjå, så elektrisiteten kjem frå atomkraft, supplert med kolkraft. Denne energimixen ønsker dei å endre på ved å få inn meir fornybar kraft, og for å få dette til, satsar dei mellom anna på dialogmøter med lokalbefolkninga, gjennom møtekonseptet World cafe: http://www.theworldcafe.com/ 

photo-caen-seminar

Det var interessante diskusjonar der også erfaringar frå nordiske land vart trekt inn. Universitetet i Caen vil gjerne samarbeide med Runde miljøsenter og andre institusjonar på Vestlandet.

Caen i Calvados-distriktet ligg i eit historisk sett interessant område, der Gange-Rolv (Rollo) frå Sunnmøre  har sett mange spor etter seg. Det gjorde inntrykk å besøke strendene Omaha Beach og Juno Beach med minnesmerka der invasjonen av allierte styrkar byrja på D-dagen 6. juni 1944.