Bilete: Sjøfolk frå Havila Shipping lærer å handtere ein AUV. Prosjektet “Fjernstyrte undervassfarkostar - ny giv for offshore-flåten i Midt-Norge”, er eit samarbeid mellom Runde Miljøsenter AS (RMS), Havila Shipping AS, Fosnavåg Ocean Academy AS (FOSAK), Kongsberg Evotec AS, NTNU, og Universitetet i Bergen (UiB), som vart innvilga i mai 2017. Formålet med prosjektet var å undersøke føresetnadane for at bedrifter i regionen på sikt skal kunne tilby drift av trådlause autonome undervassfarkostar som ei kommersiell teneste. Leiar av dette prosjektet Jenny UIlgren (oseanograf ved RMS), har ilag med Karsten Kvalsund (pilot undervassfarty) skrive ein rapport om prosjektet. Det meste av arbeidet har vore utført ved RMS, i dialog med prosjektpartnarar. Prosessen har vore utforskande og «open minded», og har hatt som mål å involvere alle partnarar i alle fasar av prosjektet. NTNU leia eit forskingstokt ved Runde i juni 2017, der også personell frå Havila Shipping deltok. - Alle partnarane var representerte på workshop i desember 2017, og deltok i diskusjonar som utgjorde ein viktig del av arbeidet med å finne svar på korleis ein kan nytte fjernstyrt teknologi under vatn, og kva som trengst for at selskap i Midt-Noreg i auka grad skal kunne tilby slike operasjonar som ei teneste, fortel Jenny Ullgren. Ny trend i industrien Inntektene frå konvensjonell offshore fartøydrift har gått ned, og trenden er at oljeselskapa i mykje større grad søkjer å redusere kostnadar enn tidlegare. Ulike autonome undervassfarkostar er godt eigna til dette, og ved å tilby slike farkostar i tillegg til avanserte skip med godt kvalifisert mannskap, kan ein skape god konkurransekraft. - Ikkje berre i oljebransjen, men også innanfor havforsking og overvaking av havmiljøet, er ein no veldig bevisst på at ein kan spare store penger på å bruke autonome farkostar, som er billig i drift samanlikna med skip, seier Ullgren.
Kva er ein fjernstyrt farkost? Mange ulike typar av fjernstyrte farkostar er i bruk og under utvikling i den marine sektoren. Det finnast fjernstyrte marine farkostar som ikkje arbeider under vatn, men på overflata (Unmanned Surface Vehicles, USV). Nokre døme på USV blei presentert under workshop i desember, men fokus i prosjektet har først og fremst vore på undervassfarkostar. Vi har også konsentrert oss om farkostar som er trådlause, til skilnad frå Remotely Operated Vehicles (ROV), som opererer med kabel frå mor-fartøyet. Med termen Autonomous Underwater Vehicle (AUV) meiner vi her propelldrivne undervassfarkostar utan kabel. Ei spesiell undergruppe av fjernstyrte undervassfarkostar er glidarane – ubemanna undervass-glidefly som ikkje er propelldrivne, men regulerer volumet sitt for å få positiv eller negativ oppdrift og gjennom det høvesvis flyte opp eller søkke ned. Innanfor oseanografisk og marinbiologisk forsking blir glidarar brukt til å måle ulike fysiske, kjemiske og biologiske parametrar i vatnet.