Banklinefisket har tradisjonelt vore eit av dei viktige fiskeria på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Det er det framleis sjølv om talet på båtar har gått mykje ned. Knut Arne Høyvik kjem til Runde Miljøsenter 16. mars og fortel. Banklinefisket har tradisj onelt vore eit av dei viktige fiskeria på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Det er det framleis sjølv om talet på båtar har gått mykje ned. I dag blir det kalla autolinefiske, fordi lina blir egna automatisk. Linefisket fekk eit skikkelig oppsving rundt 1860-70 då svenskane kom til Sunnmøre med dekka skøyter og starta fiske på Storegga. Fisket var i mange år kjenneteikna av hardt arbeid og lite søvn. Men også av såre fingrar på grunn av stikk av krok og feittet frå agnet. Det knallharde fisket stod i fare for å bli utfasa på 1960-talet då dei to fiskarane Konrad Haram frå Haram og Ole Alvestad frå Hareid kom med ideen til maskiner som både kunne henge kroken på magasin og egne lina etter kvart som den gjekk ut. Etter kvart kom Jardar Vartdal frå Vartdal inn i biletet, han var også ein teknisk tusenkunstnar. Haram og Alvestad fekk begge patent på sine løysingar. Med det starta eit tungt og tidkrevjande utviklingsarbeid som etter kvart vart overteke av industriselskapet Mustad, og som på midten av 1970-talet førte til ein revolusjon av linefisket. Autolina er ei heilnorsk oppfinning som er seld til fleire land i verda. Ideen og mange av løysingane er i høgste grad sunnmørske, sjølv om dei tre gründerane aldri fekk verken heider eller rikdom. Knut Arne Høyvik fortel ein kortversjon av historia. Knut Arne starta som banklinefiskar i 1973 då dei framleis egna for hand. Knut Arne blei seinare skipper på linebåtar og kjenner denne utviklinga godt og har skrive ned ein god del både om sjølve fisket, og også dei mange humoristiske historiene frå miljøet. Arrangementet startar klokka 15.
Herøybåten "Norden" var ein typisk banklinebåt som var i bruk frå krigen og fram på starten av 1960-talet. . Foto: Ukjent.

Herøybåten "Norden" var ein typisk banklinebåt som var i bruk frå krigen og fram på starten av 1960-talet. . Foto: Ukjent.