ROV som reiskap til dokumentasjon av miljøstatus på hardbotn og ved bratte lokalitetar nær flytande oppdrettsanlegg

Finansiert av Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bakgrunn

Oppdrettar må før oppstart av ein lokalitet, ved maksimal biomasse, og i samband med utviding av konsesjon, dokumentere lokaliteten sin miljøstatus. Bruk av metodane Mom-B og Mom-C er standard prosedyrar i slik samanhengar. Mom-B bedømmer lokaliteten utifrå dyr på målepunktet, sedimenttype, lukt, farge, slam, grabbfylling, pH og redoksmålingar (ORP). MOM-C er ei meir omfattande gransking med biologisk mangfald i sedimentet som viktig parameter. Men Mom-undersøkingane er utvikla for blautbotn og er dermed best eigna på slike lokalitetar. Ved hardbotn lokalitetar, som t.d. i fjordstroka i M&R, som også ofte er bratte skråningar, berg eller steinurer under vatn, er grabben eit mindre eigna reiskap. Grabben treff dårleg, skrapar over berg, gir for lite sediment til å foreta pH og ORP målingar, og fangar ikkje opp eventuell transport av organisk materiale nedover fjellsida mot fjorddjupet.
Ulike alternative metodar har vore vurderte, også ROV. Denne reiskapen går over eit større område, kan gå djupt, og gir videoopptak av inspeksjonen. Utfordringane ligg hovudsakleg på å kvantifisere observasjonane i dokumentasjonen, jfr. rapporten «Risikovurdering – miljøpåverkningar av norsk fiskeoppdrett» Fisken & Havet 3/2010 om organisk forureining på side 60.

Mål til prosjektet

Samanlikne informasjonsmengde og – innhald ein får med dei to miljøundersøkingane, Mom-B og ROV utført på nærmiljøet til anlegget.

Utføring

Målet er å beskrive og kvantifisere eventuelle påverknader frå anlegget, og korleis ein eventuell gradient endrar seg med aukande avstand frå anlegget.

Runde Miljøsenter AS (RMS) disponerer ROV eigd av Sea Inspector AS. Dette er ein ROV av type «Ocean Modules V8 Sii». Farkosten har trykklasse ned til 500 meter djup, og med 500 meter kabel kan den i praksis gå ned mot 400 meter djup. Farkosten er utstyrt med lys, fargevideokamera, gripearm, sonar og posisjoneringssystem. Dette fører signal til Olex-kartsystem som gir slepestrek både for ROV og hovudfartøy. Djupneavgrensinga for posisjoneringa er 140 meter. ROV er utstyrt med 8 trustarar, og dette gir den moglegheit for både tilting og rulling.

Prosjektleiar

Roger Kvalsund roger@rundecentre.no mob: 952 89 744