På tokt for reint sjøvatn

17. november 2011

Runde Miljøsenter er ein av aktørane som skal finne ut korleis det står til med vasskvaliteten i Møre og Romsdal. Denne veka er marinbiologane Lise Chapman og Roger Kvalsund på tokt ved Averøya på Nordmøre.

Tilgangen på reint vatn er grunnlaget for alt liv, både på land og i sjøen. I Møre og Romsdal er det mykje vatn, men også her er denne viktige ressursen somme stader truga av menneskelege aktivitetar som t.d. kloakkutslepp, avrenning frå landbruket, forureining frå industri, skipsfart, oljeutslepp og oppdrettsanlegg. Også forureining frå andre stader langt borte kan bli ført med vind, havstraumar og bølgjer til vårt fylke.

Surt hav

Havforsuring er eit problem som aukar fordi CO2-utslepp til atmosfæren blir tatt opp av havet og omdanna til karbonsyre. Dette er det same som kolsyre, som vi t.d. kjenner frå brus og mineralvatn. Forsuringa kan føre til at mange kalkhaldige organismar på sikt kan få problem. Dette gjeld både planteplankton, dyreplankton, korallar og mange andre typar organismar.
Alt dette er bakgrunnen for at det er sett i gang eit stort arbeid for å finne ut korleis det eigentleg står til med vasskvaliteten i vatna, elvane, grunnvatnet, fjordane og langs kysten vår.

 Lise Chapman og Roger Kvalsund har sikra prøvemateriale. Foto Arne Sævik.

Lise Chapman og Roger Kvalsund har sikra prøvemateriale. Foto Arne Sævik.

Viktig jobb

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt Runde Miljøsenter oppdraget med mellom anna å overvake vasskvaliteten i sjøen ved Averøya på Nordmøre, og også i Eggesbøstraumen i Herøy og den Grøne korridor mellom Ulstein og Herøy kommunar. Felles for desse stadane er område med fjordbasseng, der det er trong tilkomst og lite utskifting av vatn. To av stadane har også fiskeoppdrettsanlegg i nærleiken.

 

Forskarane tek prøver av vatnet på ulike djupner nedover i vassøyla, og måler mellom anna innhaldet av oksygen. Dei brukar fleire ulike målemetodar, som til saman gir eit godt bilete av kvaliteten på vatnet.

Frå botnen tek dei opp prøver med grabb. Dette blir silt om bord i båten, og alle dyr og organismar som er større enn 1 millimeter blir tekne vare på. Dei skal seinare bli arts-bestemte og analyserte i laboratoriet ved senteret. Kva slags organismar forskarane finn, og samansetninga av dei, gir ein indikasjon om tilstanden på den aktuelle staden.
Når nye prøver blir tatt på dei same lokalitetane med jamne mellomrom, gir det over tid eit bilde av utviklinga. Dersom den viser seg å vere negativ, kan styresmaktene sette i verk tiltak for å betre situasjonen.

Lise Chapman og Roger Kvalsund i arbeid med prøvetaking. Foto Arne Sævik.

Lise Chapman og Roger Kvalsund i arbeid med prøvetaking. Foto Arne Sævik.

Omfattande plan

Arbeidet forskarane frå Runde Miljøsenter gjer, er ein del av det store puslespelet. Forvaltningsplanen for vassdrag, grunnvatn og kystvatn 2016-2021 har som mål å beskytte, forbetre og sikre berekraftig bruk av vassmiljøet i Møre og Romsdal. Dette er igjen ein del av eit felles europeisk løft for vassmiljøa. Det såkalla «Vassrammedirektivet» er den største og mest ambisiøse miljøsatsinga innan EU nokon gong. Både nasjonal og internasjonal overvaking er i gang, med Runde Miljøsenter som ein av deltakarane. Prosjektet er viktig for å få meir kunnskap om emnet, og også strategisk viktig for å oppnå at nasjonale og internasjonale overvakingsprogram for havmiljø også omfattar Møre og Romsdal.

Om måla blir nådd, skal alle, både menneske og dyr, innan 2021 ha reint vatn å drikke, bade og leve i.