Marine grunnkart
Anne Marte Eikrem Røren
2014-12-17T10:39:06+00:00
Saman med Møreforsking, Bioforsk Økologisk og Høgskulen i Ålesund er Runde Miljøsenter i gang med eit forprosjekt som har som mål å leggje forholda til rette for at Møre og Romsdal blir pilotområde i det planlagde «Kyst Mareano»-programmet.
Forprosjektet er eit ledd i ei vidare, meir overordna tenking rundt eit større forskings- og utviklingsprogram «Marine Møre 21». Formålet med programmet er å etablere ein plattform der tilgjengelege og nye data vert samla, standardisert og systematisert slik at dei lettare kan nyttast av forvaltning, næring, utdanning, forsking, m. fl.
Ein av pillarane i dette programmet er utvikling av detaljerte marine grunnkart for området. Slike kart gjer arbeidet med kystsoneplanar/arealplanlegging enklare og mindre kostnadskrevjande samtidig som det vil bidra til å senke konfliktpotensialet.
Nye sjøkart på Søre Sunnmøre
Prosjektet hadde som hovudmål å legge grunnlag for at det blir utarbeidd detaljerte marine grunnkart i fylket. Fylket har gode føresetnader for å få dette til fordi der er gjennomført nye botnoppmålingar i regi av Statens Sjøkartverk særleg på Søre Sunnmøre der det i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven er oppmålt eit nesten samanhengande område på ca 682 km
2.
Det er inngått avtale mellom desse fem kommunane og NGU (Norges Geologiske Undersøkelser) om å gjennomføre oppmålingar og prøvetaking for å lage marine grunnkart. Dette har enda opp med ein felles finansiering mellom dei fem kommunane, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NGU, der NGU finansierer 50 % av kostnadane i kartleggingsarbeidet.
Arbeidet omfattar kartlegging av sjøområda i kommunane for å framstille Marine Grunnkart med temakart. Kartleggingsarbeidet skal avgrensast til dei områda der Kartverket har moderne sjømåling innsamla med multistråle-ekkolodd.
Forskningstokt
NGU gjennomførte forskningstokt med FF ”Seisma” i perioden 12/8-30/8 2014. Toktet gav svært gode data. Havbotnen vart filma på 166 lokalitetar mellom 10 og 200 meters djupne, og det vart tatt sedimentprøver med grabb på 55 lokalitetar mellom 10 og 500 meters djupne. Både video- og grabblokalitetar er jamnt fordelt i området som skal kartleggast. Dette gir grunnlag for arbeid med mellom anna habitatkart.

Sigrid Elvenes frå NGU tek vare på sedimentprøver

Krabbe på Steingrunn i Goksøyrvika, ca. 20 meters djup. Foto: NGU

Flyndre på sandgrunn i Skorpesundet. Foto: NGU
Nye høgoppløyselege kart
Målet med prosjektet er å lage høgoppløyselege kart for sjøområda på Søre Sunnmøre.
Karta vil ha oppløysing på 1*1 meter. Denne oppløsyinga gjer at ein kan lage svært detaljerte kart over havbotnen. Eksempel frå Fosnavåg er vist nedanfor.

Grunnkart av Fosnavåg hamn