Klart for bølgjeenergi-prosjekt på Runde

Det nærmar seg oppstart av prosjektet MAREN, som skal prøve ut bølgjekraftverk ved Runde. NVE ga konsesjon i desember 2008, etter eit innleiande forstudium av Runde Miljøsenter og søknad frå det regionale energiselskapet Tussa. Det svenske energiselskapet Vattenfall vil gjennom prosjektet nytte Runde som lokalitet for utprøving av Seabased-anlegga, som er eitt av fleire typer dei vurderer for storskala implementering ulike stader i Europa. Tussa bidreg ved å knyte anlegga med kabel til land og inn på det eksisterande nettet, medan Runde Miljøsenter vil vere lokal logistikkordinator og delta i overvaking og kontroll. ENOVA vil bidrage med eit økonomisk tilskot.

Selskapet Seabased med utganspunkt i Universitetet i Uppsala er grunnlagt av professor Mats Lejon ved Ågström laboratoriet. Seabased sitt konsept består av eit ”tårn” som er fast montert på eit tungt fundament på havbotnen. Inne i tårnet er det ein s.k. lineærgenerator med ein kjerne av magnetar. Kjernen er festa i ei bøye på overflata som fylgjer med bølgjene opp og ned, og på denne måten løftar/senkar kjernen. Dette genererer elektrisk straum i generatoren. Fleire generatorar kan arbeide saman for å produsere meir og jamnare straum.

Ved Måganseset sør for Runde skal det i første omgang plasserast ut to generatorar, kvar på ca. 40 kW. Desse sender straumen til ei reguleringseining på botnen, som jamnar ut og vekselrettar straumen slik at den kan sendast vidare gjennom sjøkabelen, klar for det lokale 22kV-nettet.

Triaxys bølgjemålingsbøye som skal plasserast ved Runde

Triaxys bølgjemålingsbøye som skal plasserast ved
Runde

Triaxys bølgjemålingsbøye som skal plasserast ved
Runde

Eit stort overvakingsprogram blir knytt til utprøvinga, for å dokumentere korleis generatorane yter og oppfører seg, og for å sjå på respons i høve til det miljøet omkring og bølgjene. Ei eiga bøye skal måle bølgjer og andre sjøparametrar. Det blir òg eit økologisk overvakingsprogram for å sjå om generatorane kan påverke marint liv og fugl.

Overvakinga vert eit samarbeid mellom Tussa, Runde Miljøsenter og Vattenfall. Runde Miljøsenter vil fungere som lokal koordinator, og det er planen å forsyne miljøsenteret med straum frå generatorane. I utstillingsdelen av senteret vil vi syne fram korleis generatorane fungerer og kor mykje straum som blir produsert i høve til aktuell bølgjehøgd, vindtilhøve m.m.. Prosjektet vil òg bli knytt til det regionale kompetansesenteret for havenergi på Runde, som no er under planlegging.

Målebøya vert sett ut ved Måganeset i slutten av januar 2009, etter eit tre dagars teknisk kurs på Runde saman med fagpersonar frå Kanada og Sverige. Bøya med 1.2m diameter og vekt på 250 kg blir forankra til botnen med ei slakk line. Generatorane er venta å vere på plass i løpet av april 2009.

Lars G .Golmen, tlf. 4789 0957, epost: lars@rundecentre.no