Kompetansesenter for havenergi

Runde miljøsenter arbeider også med forsking, utvikling og formidling på fagfeltet havenergi. Med havenergi meiner vi fornybar energi som kan haustast frå havet, slik som energi frå bølgjer, havstraum og varme. Havet har potensiale til å forsyne oss med ein stor del av energien vi treng. Føresetnaden er at vi klarer å fange og ta i bruk energien til våre føremål og forbruksmønster. På verdsplan er det estimert at vi med dagens teknologi har eit teknisk utnyttbart potensiale på rundt 100.000 TWh havenergi pr år. Årleg produksjon av vasskraft er til samanlikning 4.000 TWh, som utgjer ca 2% av all energiproduksjon. Norge har gode føresetnader for produksjon av energi frå havet. Det er store energimengder i bølgjene som treff kystlina, den Nordatlantiske straumen gir oss varme som kan utvinnast. Elvane som renn ut i havet kan nyttast i osmosekraftverk. Det er lange maritime tradisjonar langs kysten og derfor gode føresetnader for å utvikle og bygge teknologi som toler påkjenningane frå sjøen.

Aktiviteten på Runde er samla i eit prosjekt - Kompetansesenter for havenergi, som har årleg tilskot frå Møre og Romsdal Fylke, tenesteområde Regional- og næringsutvikling. I tillegg har Herøy kommune, bedrifter og andre bidrege med støtte. Aktiviteten på Runde har eit internasjonalt preg og difor har vi byrja å kalla oss for Nordisk senter.

Tre kompetansesenter i Møre & Romsdal

Det er motsvarande fornybarsenter i fylket, for sol- og bioenergi på Tingvoll, og for vindkraft på Smøla, sjå illustrasjonen. Meir om organiseringa i Fylket finn du her

Kompetansesenter for fornybar energi Møre og Romsdal

Hovudføremålet med kompetansesentra er å utvikle kunnskap, tenestetilbod og formidlingstilbod om produksjon og forbruk av fornybar energi i fylket. På Runde fokuserer vi på energi frå havet, mens vi samarbeider med Tingvoll og Smøla om generell informasjon om energi, og i sektorovergripande prosjekt.

Formidling av kunnskap

I samband med omstillingar og Det grøne skiftet, er det stort behov for kunnskap om fornybar energi i samfunnet, og også om den "blå" energien, havenergien. Det er viktig å formidle korrekt og nøktern informasjon til styresmakter, media og andre i det offentlege rom. Innhenting og formidling av nøktern kunnskap omkring miljøeffektar av havenergi-installasjonar er eit sentralt arbeidsfelt på Runde. Ikkje all havenergi er berekraftig.

Ved havenergisenteret arbeider vi med å samle og foredle kunnskap om potensialet for utnytting av energi frå havet. Vi ønskjer å vekke interesse for temaet hos industri, beslutningstakarar og lekfolk for å bidra til eit samfunn bygd på berekraftig energi og forsvarleg forvaltning av naturen, noko som har fått auka aktualitet i det siste, i samband med behov for omstilling i industrien. Det er viktig å synleggjere at havenergi er eit potensielt forretningsområde i framtida. Ei arbeidshypotese er at vi frå Runde kan få etablert ei havenergiklynge, som kan få same betydning i framtida som offshore har hatt for næringa til no.

Les meir om potensialet for havenergi her

Kompetansesenter for havenergi har ein eigen nettstad der du finn utfyllande informasjon om aktivitetane våre. Besøk www.havenergisenteret.no

More...