Om glidarprosjektet

Glidarar er ubemanna undervass-glidefly. Dei kan gli gjennom havet og samle informasjon om tilstanden i sjøen i opptil 10 månader i slengen, og utan for mykje oppfølging frå land. Slik kan dei vere eit billeg alternativ til forskingsskip, i alle fall for nokre typar undersøkingar. NACO-prosjektet (Norwegian Atlantic Current Observatories) hadde i utgangspunktet som mål å bruke glidarar til å overvake Golfstraumen og vasstransporten langs Norskekysten. Noregs Forskingsråd bevilga 18 millionar kroner til innkjøp av glidar og infrastruktur, mot at NACO skulle verte eit nasjonalt infrastrukturprosjekt som skulle tilby glidarar til alle forskingsmiljø i Noreg som kunne ha nytte av dei. Prosjektet er leia av Universitetet i Bergen, med Havforskingsinstituttet og Runde Miljøsenter som partnarar. NACO disponerer i dag 6 Seagliders og 3 Slocum glidarar, med ulike instrumentpakkar. Prosjektleiar er Peter Haugan frå Geofysisk Institutt ved Universitetet i Bergen. Les meir om glidarar og NACO her, samt sjå kvar glidarane er og kva dei har gjort:  http://naco.gfi.uib.no/ .

Korleis verkar glidarar?

Glidarar har ikkje propell, men nyttar gravitasjon til å skape framdrift. Utanpå trykkskroget (sjå figur til høgre over) er ei blære som kan pumpast full med olje frå eit internt reservoar slik at glidaren får positiv oppdrift og flyt opp når den har kome djupt nok (maks 1000m), eller sugast tom, slik at den søkk frå overflata. Energikjelda er eit kraftig batteri. Glidaren har venger som omdannar noko av den vertikale rørsla til framdrift. Glidaren har GPS som fortel den kvar den er, og kompass som fortel den kvar den er på veg. Når glidarføraren på land via satellitt ber glidaren om å gå til eit visst punkt, greier glidaren sjølv å finne vegen dit. Når glidaren er på overflata mellom dykka sender den frå seg innsamla data til forskarane på land og føraren (piloten) kan gje nye ordrar. Glidarar går ganske sakte, gjerne berre ein halv knop (1km/t)! Men då brukar dei òg berre ein halv Watt, og kan vere ute i over 10 månader før ein må byte batteri. glider3

Målingar

Glidarar kan utstyrast med mange ulike sensorar og måleinstrument. Hittil har over 50 ulike typar sensorar verte tilpassa glidarbruk. Dei innsamla dataa kan brukast til myke forskjellig, mellom anna:

  • Kartlegging av straum.
  • Oversikt over temperatur og salthaldigheit i vatnet. Nyttig både for vêrmelding, klima- og fiskeriforsking.
  • Finne giftige algar.
  • Undersøke primærproduksjonen i havet (planteplankton).
  • Måle biomassen til diverse dyreplankton.
  • Måle radioaktivitet, og slik avsløre og spore utslepp.
  • Oppdage olje- og gasslekkasjar, enten naturlege eller frå menneskeleg aktivitet.

Eksempel på bruk

Sidan mai 2012 har det no gått glidarar nærmast kontinuerleg på det såkalla Svinøysnittet, som går frå Svinøya i Herøy kommune og vel 500km rett nordvest ut i havet. Frå juli same år har det på same måte gått glidarar i Lofotbassenget, som har følgt 70 grader nord frå Andenes i aust til Jan Mayen i vest, ein avstand på ca. 920 km. Vi har greidd 8 tur-retur på Svinøysnittet på eit batteri, og 2 tur-retur i Lofotbassenget. Det er Kjell Arild Orvik ved Universitetet i Bergen som står bak desse tokta, som har som hovudmål å overvake dei norske armane av Golfstraumen (offisielt Norwegian Atlantic Current, derav NACO-namnet), og vass- og varmetransporten i Norskehavet og inn i Arktis. Til saman har ein samla inn frå om lag 7,5 million målepunkt, og med fleire ulike instrument på kvart punkt. Desse transekta har vore overvaka med skip før (og vert framleis, i noko omfang), men då berre eit fåtal gongar per år og med mange kilometer mellom kvar stasjon. No får vi kontinuerlege målingar heile året, med relativt kort avstand mellom målingane. Slik kan glidarar kanskje gje eit betre bilete av variasjonen i straum og vasstransport både i rom og i tid. Ein har òg målt turbulens i Færøy – Shetland-kanalen (i regi av Ilker Fer, UiB), og eksperimentert med å bruke glidarar i Hornindalsvatnet, Europas djupaste innsjø (514m) saman med NIVA (Lars Golmen).

Aktivitet ved Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter har til dels vore involvert i utsetjing og opptak av glidar, samt uttesting, men først og fremst går aktiviteten ut på dagleg drift (såkalla «pilotering») og overvaking, i samarbeid med Geofysisk Institutt (UiB). Glidarar treng ikkje så intens oppfølging, men nokre gongar for dag bør nokon kontrollere at dei har det bra og gjer det dei skal, og eventuelt gje nye instruksar. Senteret har òg vore opptekne av å presentere teknologien overfor lokalt næringsliv, og har gjort noko programvareutvikling for internt (NACO) bruk.