”Frå vogge til vogge” på Runde

20. mars 2009
Runde Miljøsenter profilerer Runde som berekraftig øysamfunn i EU-prosjekt.

Innan 20 år vil Runde og 9 andre øyar i Europa kunne vere sjølvforsynande når det gjeld vatn, energi og råstoff. Runde Miljøsenter deltek i eit nytt EU-INTERREG-prosjekt der berekraftig utvikling og bruk av ressursar er nøkkelord. Øykommunar og forskingsinstitutt frå Nederland, Storbritannia, Tyskland, Danmark, Sverige og Noreg deltek i dette prosjektet, som har eit omfang på 32 millioner kroner. Frå Noreg er, i tillegg til Runde Miljøsenter, også Vågan kommune i Lofoten representert. Oppstartmøte for prosjektet var i februar hos prosjektleiinga i Leeuwarden, Nederland.

Øya Runde og Runde Miljøsenter vil vere showcase for berekraftige metodar som kan bli modellar for andre øyar over heile verda. Utgangspunktet er den innovative og revolusjonære metoden ”Cradle to Cradle” (vogge-til-vogge), som kastar eit nytt lys på berekraftig utvikling. Ein skal ikkje berre handle mindre dårleg – ein skal handle bra.

Grunnleggaren av C2C-metoden, Michael Braungart frå det tyske EPEA-instituttet, legg særleg vekt på at ein skal utvikle og produsere produkt som er trygge for helse og miljø, og som etter bruk kan nyttast som næringsstoff for natur og/eller industri. Det vil seie at produkta kan bli ført tilbake i næringskjeda utan å late etter seg avfall.

Basisprinsippet for C2C er relatert til naturreglane: å eliminere avfallskonseptet (vogge til grav) totalt, og i staden sjå på avfall som ressurs (vogge til vogge), i tillegg til å styrke bruk av fornybar energi, og feire diversitet.

Runde Miljøsenter ser store moglegheiter i dette prosjektet, som òg vil fokusere på små øyars samfunnsproblematikk, som avfolking, minkande servicetilbud, og eit reiseliv som er basert på en kort sesong. Via prosjektet blir det utvikla eit stort internasjonalt samarbeid med samfunn som opplever like problemstillingar, og som har same mål om å snu ein negativ spiral til ein positiv. Ei øy som Runde vil kunne vise styrken ved eit lite samfunn, og bli eit forbilde for andre øyar.

Hausten 2009 skal deltakande øyrepresentantar frå heile Nordsjøområdet kome saman for andre gong, og ein vil då møtast på Runde.

For meir informasjon om prosjektet ta gjerne kontakt med Runde Miljøsenter:

Annelise Chapman
lise@rundecentre.no
marinbiologi, kystøkologi, miljøovervåking
Mob: + 47 90 75 05 01
Dir: +47 70 08 08 03

Lenkjer

c2c