Lophelia skyss- og forskingsfarty

 

Lophelia

«Lophelia» har fått namnet sitt etter ein djupvasskorall. Dei største norske korallreva kan vere 8600 år gamle, og kan verte opp til 32 meter høge. Det finst eit lopheliarev mellom Runde og Ålesund.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fakta om Lophelia

  • Mørejet 1167, 38 fot, 20 knops fart, sertifisert for 12 personar.
  • Romsleg dekk med badeplattform, flybridge, salong, bysse, to lugarar, toalett med dusj.
  • Båten har høg teknisk standard og lavt støynivå.
  • Den kan ta rullestol ombord.

 

Lophelia som forskingsfarty

Tilgjengeleg utstyr inkluderer

  • ROV – gjernstyrt mini-ubåt. Inspeksjon, overvaking, videodokumentasjon. Farkosten har sonar og posisjonering, og har kapasitet til 4-500 meter djup.
  • CTD – gir vertikalprofil for temperatur, salt, oksygen og eigenvekt
  • Grabb – prøvetaking av sedimentprøver frå blautbotn
  • Vasshentar – Niskin m/CTD
  • Winkler – kjemisk analyse for oksygen, t.d. i botnvatn
  • Kartsystem – Olex, med ekstrafunksjon for relativ hardheit og posisjonering for ROV
  • Waverider – bølgjemålingsbøye

 

Lophelia som skyssbåt

Båtskyss er ein effektivt for å kome seg til/frå Runde. Omtrentlege tider (avhenger av ver):

  • Ålesund sentrum: 1t
  • Valderøy: 1t
  • Fosnavåg: 20 min.
  • Ulsteinvik: 20 min.

 

Lophelia for turar til fuglefjellet

Lophelia er også mykje brukt til turar til fuglefjellet. På dagtid er dette den beste måten for å få sett lundefugl på nært hald. Turen tek om lag 1-1,5 time og kostar 3400 kr for inntil 12 personar.

 

Booking

Send din førespurnad til booking@rundecentre.no eller ring oss på telefon +47 700 80 800.