Oversiktsbilete

Feltstasjon for forskarar og studentar

Runde Miljøsenter ønsker forskarar, studentar og andre velkomne for alle typer feltarbeid og feltkurs.

Vi har som mål å tilby rabatterte prisar til universitet, høgskular og studentar som gjennomfører forskings- og undervisingsaktivitetar ved senteret.

 

Kva tilbyr Runde Miljøsenter?

  • Leige av kontor- og forskingsfasilitetar
  • Overnatting
  • Bevertning
  • Logistikk
  • Fartøy
  • ROV
  • Prøvetakingsutstyr
  • Leige av personell til undervising, feltarbeid og forskingsoppdrag

 

Leilegheiter ROV Lophelia Våtlab Tørrlab Auditorium Fugleveggen Sjøbod Kontor Åpent landskap

 

Kvifor velje Runde Miljøsenter?

Ved å nytte oss som feltstasjon opnar ein mulegheita for undersøkingar innan mange ulike felt; Regionen byr på interessante lokalitetar innanfor ulike fagområde, og senteret disponerer forskingsfarty og -utstyr som kan nyttast. Sjølve senteret fungerer som ei komfortabel base, med tilbod om servering og overnatting av god kvalitet, såvel som gode kontor-, møte- og labfasilitetar. Personalet har kompetanse og lokalkunnskap som kjem deg som besøkande til gode.

Runde er ei øy med unike naturverdiar, svært interessant geologi, Sør-Norges einaste fuglefjell med unikt kulturlandskap, og rett utanfor øya eit av verdas mest produktive gytefelt, kort veg til djuphavet og til djupe fjordar. Desse naturverdiane gjer Runde til eit av dei mest interessante områda for naturvitskapleg forsking i verda. Runde er internasjonalt kjend og blir besøkt av meir enn 30.000 turistar pr år. Runde Miljøsenter (RMS) er etablert for å utvikle eit internasjonalt miljø for forsking og berekraftig utvikling.

I senteret er det eigen formidlingsavdeling med utstillingar av fuglelivet på Runde og Rundeskatten. Senteret arbeider med å utvide ustillingane til å formidle kunnskap om havet, fiskeressursane og forvalting av desse.

 

Fagområde

Med bakgrunn i desse faktorane eignar Runde Miljøsenter seg for arbeid innan fagområde som

 

Fuglefjellet på Runde Sild - havets sølv. Foto: Are Pilskog Marinbiologi Kompetansesenter for havenergi er lokalisert på Runde miljøsenter Glider Blekksprut. Foto: Anne Marte Eikrem Røren Sau. Foto: Lise Chapman Botanikk Fuglefjellet Marine grunnkart Dykker og brennmanet. Foto: Lill Haugen

 

Kompetanse

Senteret sine tilsette tilbyr kompetanse på mange felt.

Nils-Roar Hareide Fiskerikandiat Fiskeri, fiskebiologi RMS
Roger Kvalsund Cand real Fiskeoppdrett, biologi mm. RMS
Karsten Kvalsund Mastergrad Astronomi, fysikk RMS
Greta Garnes Cand mag Fiskeri, botanikk RMS
Lars G. Golmen Cand real Havenergi, oseanografi NIVA
Anne Marte E. Røren Mastergrad Biologi, naturbasert reiseliv RMS
Michael Hundeide Ph.d.  Ornitologi, sjøfugl RMS

 

Prøvetakings- og labutstyr

Fartøy

  • ROV (Ocean Moduler V8 Sii) – fjernstyrt mini-ubåt. Inspeksjon, overvaking, videodokumentasjon. Farkosten har sonar og posisjonering, og har kapasitet til 4-500 meter djup.
  • CTD – gir vertikalprofil for temperatur, salt, oksygen og eigenvekt
  • Grabb – prøvetaking av sedimentprøver frå blautbotn
  • Vasshentar – Niskin m/CTD
  • Winkler – kjemisk analyse for oksygen, t.d. i botnvatn
  • Kartsystem – Olex, med ekstrafunksjon for relativ hardheit og posisjonering for ROV
  • Waverider – bølgjemålingsbøye

Lab

  • Mikroskop
  • Turbiditetsmålar
  • Spektroskop
  • Titreringsutstyr
  • Filtreringsutstyr
  • Tørkeskap

 

Kontakt oss i dag på telefon +47 700 80 800 eller e-post booking@rundecentre.no for ein uforpliktande prat om mulegheitene!