Forsking ved senteret

Målebøye ROV i aksjon

Runde Miljøsenter legg til rette for at forskarar og studentar frå resten av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar, skrive rapportar og gjennomføre feltkurs. Les om Runde Miljøsenter som feltstasjon.

Stasjonen samlar inn grunnleggande miljødata som er tilgjengeleg for forskarar som vitjar senteret, og for forskarar som arbeider med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking.

Dette er nokre av prosjekta som i dag er i gang ved senteret.

 bilde-web-stort

Today’s oil & gas subsea vessels have Remotely Operated Vehicles (ROVs) with a range of sensors and cameras that can collect information from deep waters. The aim of this project was to explore possibilities for improving the knowledge of deep-sea habitats and ecosystems by using the subsea fleet, combining data collections with industry operations. We also wanted to see if both subsea industry operations and environmental monitoring could benefit from new and improved sensors.This project was a cooperation between Runde Environmental Centre (REC), SINTEF and Olympic Shipping. The Regional Research Fund Mid-Norway funded the project with 50 %, while the remaining 50 % was own efforts from the partners. The main goals of the project were:

  1. Gather knowledge and data about the deep ocean from existing ROV sensors
  2. Uncover demands for new sensor technology, thus strengthening the regional subsea fleet and provide a basis for new industry in Mid-Norway
 Offshore- og subseafarty har Remotely Operately Vehicles (ROV) med eit utval av  sensorar og ulike kamera som kan samle inn informasjon frå djuphavet. Målet med prosjektet er å undersøke moglegheiter for å forbetre kunnskapen om livet og økosystemet i djuphavet gjennom å nytte desse fartya til å kombinere datainnsamling med marine operasjonar på havbotn.

Vi vil med dette prosjektet sjå om vi kunne kombinere marine operasjonar på havbotn og overvaking av miljøet i djuphavet og om dei ville dra nytte av nye og forbetra sensorar.

Prosjektet er eit samarbeid med Runde Miljøsenter, SINTEF og Olympic shipping.  Regionalt forskningsfond Midt-Norge finansierte 50 %, medan resterande 50 % var eigen innsats frå partnarane i prosjektet.

Hovudmåla var som fylgjer:

  • Samle kunnskap og data om djuphavet frå dei eksisterande ROV i fartya
  • Avdekke behov for ny sensorteknologi og styrke den regionale subsea-flåten og leggje til rette for ein ny industri i Midt-Noreg.

More of the project here/Meir om prosjektet her: finalsubseareport120916

Golfstraumen og Kyststraum er tilsaman ei voldsom elv som renn nordover langs kysten av Norge. Havstraumane fører med seg fiskeegg og fiskelarvar frå gyteområda ved Runde og heilt opp til Barentshavet. Golfstraumen er den viktigaste føresetnaden for at det bur folk langs kysten av Norge. Den skaffar både næring og varme.
«Frå vogge til vogge» på Runde
For å synleggjere dette set Runde Miljøsenter i samarbeid med skipsbyggings konsernet Vard og borna på Sunnmøre ut 240 små trebåtar som skal følgje Golfstraumen og kyststraumen mot nord. På denne tida av året blir sildelarvane utklekte og det passar godt å setje ut båtane samtidig som alle desse milliardane av fiskeyngel startar på den same reisa.

Les meir om prosjektet VARD-båtane

logo
Runde Miljøsenter er partner i EU-prosjektet NEXOS (http://www.nexosproject.eu).

Prosjektet har som oppgåve å utvikle ein ny generasjon av marine sensorar som skal vere effektive, billige og pålitelige. Dei skal og vere små og bruke lite straum.

Det er 20 partnerar med i prosjektet og det er leia av det Spanske FOU instituttet PLOCAN.

Norske partnerar som er med er Christian Michelsen Institutt (CMR,) Universitetet i Bergen, Norsk Institutt for vannforsking (NIVA) og sensorutviklingselskapet Franatech som leverer mange typer sensorar til offshore verksemd. Dei andre partnerane er frå Tyskland, Italia, Spania, Holland og Frankrike.

Grunnkart av Fosnavåg havn

Grunnkart av Fosnavåg hamn

 

Saman med Møreforsking, Bioforsk Økologisk og Høgskulen i Ålesund er Runde Miljøsenter i gang med eit forprosjekt som har som mål å leggje forholda til rette for at Møre og Romsdal blir pilotområde i det planlagde «Kyst Mareano»-programmet.

Forprosjektet er eit ledd i ei vidare, meir overordna tenking rundt eit større forskings- og utviklingsprogram «Marine Møre 21». Formålet med programmet er å etablere ein plattform der tilgjengelege og nye data vert samla, standardisert og systematisert slik at dei lettare kan nyttast av forvaltning, næring, utdanning, forsking, m. fl.

Ein av pillarane i dette programmet er utvikling av detaljerte marine grunnkart for området. Slike kart gjer arbeidet med kystsoneplanar/arealplanlegging enklare og mindre kostnadskrevjande samtidig som det vil bidra til å senke konfliktpotensialet.

gronne-korridor

Sjøområdet ”Den grøne korridor” mellom Gurskøy og Hareidlandet på Sunnmøre (sjå innringa område på bildet ovanfor) er vurdert til å ha avgrensa resipientkapasitet og vere sårbart for forureiningstilførsler. Dette vart stadfesta av granskinga som NIVA gjennomførte i 1984–85, då det vart avdekka dårleg vassutskifting og nesten oksygenfritt djupvatn i fleire av dei innelukka bassenga.

Det har ikkje vore gjennomført noko form for oppfølgjande kontroll/overvaking i løpet av dei 20 åra som er gått etter dette, fram til oppstarten av noverande program sommaren 2005.

I same periode er det kome til fleire større utbyggingsprosjekt og meir busetnad i nedslagsfeltet, noko som kan ha medført auka tilførsler av organisk stoff m.m. til sjøen. Samstundes har det vore utført omregulering av større utslepp.

Runde Miljøsenter (RMS) tok på eige initiativ ei stikkprøve i Haddalsvika 28. juli 2005, og denne avdekte reduserte oksygentilhøve nær botnen og tilsynelatande forverra tilhøve samanlikna med 1984–1985.

Vi såg då eit behov for å få oppdatert kunnskapen om vasskvaliteten, og skisserte eit forslag til måleprogram. Dette kom i gong i september 2005, basert på private midlar og eigeninnsats frå Runde Miljøsenter.

 

Havforsuring er eit problem som aukar som resultat av at CO2-utslepp til atmosfæren blir tatt opp av havet og omdanna til karbonsyre. Forsuringa kan føre til at mange kalkhaldige organismar på sikt kan få problem. Dette gjeld både planteplankton, dyreplankton, korall og mange andre typar organismar.

RMS søkte om midlar frå Møre og Romsdal fylke for å setje i gang innsamling og analysering. Prosjektet er viktig for å få meir kunnskap om emnet, men er og strategisk viktig for å få til at nasjonale og internasjonale overvakingsprogram for havmiljø også omfattar Møre og Romsdal. Prosjektet vart starta opp i april 2011.

Norge har gode føresetnader for produksjon av energi frå havet. Det er store energimengder i bølgjene som treff kystlina, den Nordatlantiske straumen gir oss issfrie farvatn og varme som kan utvinnast. Elvane som renn ut i havet kan nyttast i osmosekraftverk. Det er lange maritime tradisjonar langs kysten og derfor gode føresetnader for å utvikle og bygge teknologi som toler påkjenningane frå sjøen.

Kompetansesenter for havenergi på Runde er eit av 3 sentra støtta av Møre & Romsdal fylkeskommune. Dei andre to er kompetansesenter for sol- og bioenergi på Tingvoll, og kompetansesenter for vindkraft på Smøla.

Hovudføremålet med kompetansesentra er å utvikle formidlingstilbod til ulike målgrupper om produksjon og forbruk av fornybar energi. På Runde fokuserer vi på energi frå havet, men vi vil samarbeide med Tingvoll og Smøla om generell informasjon om energi.

web_Kart_2_200pxI over tre år har Runde Miljøsenter vært med i det europeiske prosjektet, og forskere hos miljøsenteret har jobbet for sikring av miljøet – spesielt når det gjelder fare for oljeutslipp.
På oppdrag fra Møre og Romsdal fylkeskommune, og i lag med kolleger fra det maritime institutt i Gdansk og fra Fylkesmannen, har man utviklet et kartleggingsverktøy. Dette skal gjøre det lettere å vurdere følsomme kystområder og deres forandringer, slik at skipstrafikken kan styres mer effektivt og samtidig beskytte våre marine ressurser.
Både kystregionen rundt Runde og Gdansk-bukta har vært testområder for det nye verktøyet, som nå ble presentert for hele prosjektgruppa.

satellite-communication_150x159Norges Forskingsråd løyvde nyleg 18 mill kr til Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen til eit prosjekt for havovervaking med ny måleteknologi, såkalla undervassfly eller ”gliders”. Runde Miljøsenter er partnar i prosjektet NACO, Norwegian Atlantic Current Observatory.

Instrumenta (sjå illustrasjon) som skal nyttast, kan gå autonomt opp og ned i sjøen i mange månadar og samle data. Mens dei er oppe på overflata ei kort stund sender dei miljødata til land, og det er då mogleg samstundes å kommunisere og omprogrammere dei, få dei til å endre kurs m.m.

ROV

Dette prosjektet er finansiert av Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond, og går ut på å prøve ut ROV som reiskap til dokumentasjon av miljøstatus på hardbotn og ved bratte lokalitetar nær flytande oppdrettsanlegg. Dette blir sammenlikna med resultat frå Mom-B undersøking som er den vanlege metoden for miljøovervåking i samband med oppprettsanlegg.

logos_bottomInnan 20 år vil Runde og 9 andre øyar i Europa kunne vere sjølvforsynande når det gjeld vatn, energi og råstoff. Runde Miljøsenter deltek i eit nytt EU-INTERREG-prosjekt der berekraftig utvikling og bruk av ressursar er nøkkelord. Øykommunar og forskingsinstitutt frå Nederland, Storbritannia, Tyskland, Danmark, Sverige og Noreg deltek i dette prosjektet, som har eit omfang på 32 millioner kroner. Frå Noreg er, i tillegg til Runde Miljøsenter, også Vågan kommune i Lofoten representert. Oppstartmøte for prosjektet var i februar hos prosjektleiinga i Leeuwarden, Nederland. Les meir her.
Presseomtale

vestlandsnytt-9okt2009_200px

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Irland som vart starta i 2004 under leiing av Nils-Roar Hareide. Resultata frå prosjektet viste at det har gått føre seg eit omfattande ukontrollert garnfiske på djupt vatn i EU-farvatn. Fisket blir drive av spanske fiskarar som har båtane sine registrert i Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Panama, Beliz og Togo. Fisket har blitt utført med altfor stor mengde garn, noko som har ført til at garna har blitt ståande altfor lenge i sjøen og store mengder fisk har blitt øydelagt av dette.

Resultata frå prosjektet førte til at det vart sett fokus på dette fisket, og EU kommisjonen stoppa fisket i februar 2006. EU arbeider no med å vurdere nytt regelverk i fisket, og Runde Miljøsenter er med i dette arbeidet.

Nils-Roar Hareide presenterte resultatet frå Deepnet-prosjektet på Nor-Fishing Techonology Conference 2006.

Prosjektet MAREN kal prøve ut bølgjekraftverk ved Runde. NVE ga konsesjon i desember 2008, etter eit innleiande forstudium av Runde Miljøsenter og søknad frå det regionale energiselskapet Tussa. Det svenske energiselskapet Vattenfall vil gjennom prosjektet nytte Runde som lokalitet for utprøving av Seabased-anlegga, som er eitt av fleire typer dei vurderer for storskala implementering ulike stader i Europa. Tussa bidreg ved å knyte anlegga med kabel til land og inn på det eksisterande nettet, medan Runde Miljøsenter vil vere lokal logistikkordinator og delta i overvaking og kontroll. ENOVA vil bidrage med eit økonomisk tilskot. Kontaktperson er Lars G .Golmen, tlf. 4789 0957, epost: lars@rundecentre.no
Les meir om MAREN-prosjektet
Tapte garn medfører eit betydeleg skjult fiske og tap av viktige ressursar, og Runde Miljøsenter er ein sentral aktør i Europa innan arbeidet med å redusere dei problema tapte garn medfører.

På oppdrag frå irske myndigheiter leia Nils-Roar Hareide sommaren 2006 eit tokt til Rockall og Porcupine-banken der formålet var å tråle opp tapte garn. Toktet vart gjennomført med den irske trålaren India Rose. Eit tilsvarande tokt vart gjennomført i 2005 (Opprensking av tapte fiskeredskaper i 2005 (PDF – 0,8 MB)).

Toktet i 2006 starta 18. juli og varte til den 13. august. Første del av toktet vart avslutta i Killybegs den 28. juli. Resultata frå første to veker av toktet viser at ein fekk opp ca. 10 km med garn, ca. 5 km med diverse tauverk og nokre meter med wire.

Alle garna vart funne i søraustkanten av Rockall-banken på 400 til 800 meters djup, der det vart sokna i 5 dagar. Det vart ikkje funne garn på djup mellom 800 og 1400 meter. Ein var ved fleire høve i kontakt med garn som stod så djupt, men det let seg ikkje gjere å hale dei heilt opp til overflata før dei vart avslitne.Toktet viste at der er mykje tapte garn på Rockall-banken, og at det er vanskeleg å få opp garn som er mist på djupare vatn enn 800 meter.

I dei undersøkte områda vart det gjennomført oppreinsking i berre ein svært liten del, og desse områda utgjer berre ein liten del av det området der ein reknar med at det er mist garn. Det totale området er av storleiksorden minst to gongar så stort som Irland. Det kan difor synest som ei uoverkomeleg oppgåve å reinske opp alle garna som er mista der.

For framtida er det naudsynt at dei som fiskar med garn gir beskjed om posisjon på tapte garn slik at dei kan takast opp igjen på ein effektiv måte. Det er dessutan lite truleg at det kan late seg gjere å drive effektiv garnopprensking på djupare vatn enn 800 meter.

Fiskeridirektoratet starta det årlege garnoppreinskingstoktet den 22. august 2006. Toktet skal gjennomførast langs den norske kontinentalskråninga frå Tromsøflaket til Storegga. Det har blitt gjennomført slike tokt årleg, og ein trålar tok opp ca. 15 – 20 km garn i løpet av om lag tre veker.

Runde Miljøsenter har i oppdrag frå Fiskeridirektoratet å samle inn opplysingar frå norske fiskarar om posisjonar på tapte garn. Undersøkinga vart gjennomført i august 2006. Ansvarleg for prosjektet er Robert Misund i Fiskeridirektoratet.

Runde Miljøsenter har fått sekretariatsfunksjon for eit nasjonalt utval som skal føreslå nytt regelverk for fiske med garn etter blåkveite. Utvalet hadde sitt første møte i Bergen i mai 2006 og eit møte i Trondheim i oktober 2006 før innstillinga vart lagt fram.

Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA) har frå Statens Forurensingstilsyn fått i oppdrag å undersøke innhaldet av ”bromerte flammehemmarar” i fisk frå Storfjorden, Borgundfjorden og Ellingsøyfjorden i 2006. Prosjektet er oppfølging av undersøkingar som vart gjort i Borgundfjorden i 2005. Leiar for prosjektet er John Arthur Berge (NIVA). Runde Miljøsenter skal samle inn prøver av brosme og torsk i dei aktuelle fjordane.

Vidare utvikling av innovative løysingar for neste generasjon havbruk (Next Generation Fisheries-NGF) stod på dagsordenen på eit møte i Bergen i november 2005. Førre møte var hos Japans fiskeriministerium i 2004. Sentrale element i NGF er berekraft med omsyn til miljø, ressursar og økonomi. Løysinga kan bli store offshore-anlegg som kombinerer produksjon av fôr, mat, fornybar energi og andre produkt ved å nytte ressursane som djupvatnet i havet representerer.

forsoeksrigg_150_200Sommaren 2005 vart det utført eit vitskapleg eksperiment på 400 m djup i Storfjorden utanfor Hjørungavåg der sedimenta vart eksponerte for varierande mengder av CO2. Forsøka vart gjort i samarbeid mellom RITE og Kanso i Japan, NIVA, British Geological Survey i England, Bundesanstalt für Geowissenschaften und Rohstoffe i Tyskland, Høgskulen i Ålesund, med støtte frå ODIM i Hjørungavåg, og med Runde Miljøsenter som lokal ko-ordinator. Grunnlaget for forsøka er planane om å lagre CO2-gass frå t.d. gasskraftverk og andre store utsleppskjelder i grunnen under havbotnen. Slik lagring kan medføre lekkasjar opp til havet, og det er viktig å kunne ha ei meining om kva miljøeffektar dette i så fall vil kunne få.

Sjå resultat av forsøka i prosjektrapporten (PDF, 1,5 MB)

Sommaren 2006 overtok Runde Miljøsenter bølgjekraftverket Storwave, som er utvikla og patentert av Ola Stornes på Tingvoll. Storwave er eit strandlokalisert anlegg som utnyttar energien i innkomande bølgjer som blir leia inn i eit kammer. Energien blir overført til to stempel som arbeider h.h.v. mens vassøyla stig og sekk i kammeret. Energien kan så takast ut i eit sekundært trinn.

Anlegget på 30 kW er ein demo-installasjon som vil bli gjenstand for vidare testing og nytta til undervisingsformål. Anlegget vil også inngå i miljøenterets aktivitet rundt fornybar energi, herunder informasjon om energi frå havet.

NVE har sendt på høyring søknaden frå Tussa/RMS/Vattenfall om utplassering av lineær generator bølgjekraftverk ved Runde for uttesting. Høyringsfristen er 1. september 2008. Kopi av brev frå NVE til Herøy kommune, samt sjølve søknaden kan lesast på linkane til høgre.