Sil er ein av dei viktigaste fødeartane for dei fleste sjøfuglane i Noreg. Trass i dette er bestandane og biologien til sil langs Norskekysten ikkje kartlagt. RMS har i lag med Havforskingsinstituttet starta opp med kartlegging av sil ved Runde. Sidan silen grev seg ned i havbotnen (sandbotn) store delar av året er data og materiale frå prosjektet «Marine grunnkart» som RMS har gjennomført i lag med Kartverket, Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) og 5 kommunar svært viktig for kartlegging av silen si utbreiing.

 

Rapport (M5-2013) frå Miljødirektoratet;  «Fagrapport for tobis (Ammodytidae) på norskekysten – Kunnskapsoversikt med forslag til tiltak» slår fast følgjande:

 

« Rapporten oppsummerer kunnskap om forekomst, biologi og økologi til tobis, dvs. arter innen tobisfamilien (Ammodytidae), på norskekysten. Det er generelt lite kunnskap om disse artene og deres økologiske rolle, og kunnskapsinnhenting vil derfor være viktigste umiddelbare tiltak, dernest ny vurdering av målrettede forvaltningstiltak. Det man kan slå fast i dag er at er tobis på norskekysten er en nøkkelart og er viktig for sjøfugl som krykkje, lomvi, alke og lunde. Tobis er sterkt knyttet til bestemte hjemmeområde. Sediment med nok tilførsel av oksygen og næringsdyr er en viktig forutsetning. Det er mulig at habitatkvaliteten er en begrensede ressurs for bestandene. Det foregår ikke tobisfiskeri på norskekysten, og forvaltningstiltak må derfor eventuelt omfatte andre forhold. Aktuelle tiltak omfatter forskning på populasjonsgenetikk for å undersøke artens populasjonsstruktur langs norskekysten og relasjonen til beskattede populasjoner i Nordsjøen».

 

I tråd med konklusjonane med denne rapporten arbeider  RMS med kartlegging av biologi, habitat og bestandsutvikling av sil. Dette er arbeidet er av nasjonal viktigheit og er viktig bidrag til å auke kunnskapen ein av dei viktigaste fødeartane for sjøfugl.

Dei ulike artane av sil er viktige i næringskjeda som mat for både fugl og fisk. Det finst 5 ulike artar i norske farvatn, men havsilen er den mest vanlege, og denne har størst betyding både økologisk og økonomisk. Tobis er fellesnamn på sil-artane.

 

  • Det er teke 92 sedimentprøver med «boxcorer» i nærområdet ved Runde. Desse er analysert på kornstorleik, for å fastslå om sedimentet er i samsvar med det habitatet silen føretrekker.

 

  • Intervju med fiskarar, om historiske førekomstar av sil til ulike årstider og skilnader mellom årsklasser. Kartlegging av område der dei observerer sil i magesekken til fangsten i snurrevadfisket. Hovudsakleg torsk, hyse og flatfisk.

 

  • Havsil er den absolutt dominerande arten, dette er også i samsvar med dei djup som snurrevadfisket føregår på. Snurrevadfanga fisk er å føretrekke då fangsten er nyleg død, og byttedyr (sil) er minst fordøydd, og så føregår mykje av snurrevadfisket på sandbøter som er tilhaldsstad for sil.

 

 

  • Fiskedata som lengde, vekt, alder, tørrvekt, magefylling og kjønn er registrert, og parameter som feitt, kondisjon og energiinnhald er estimert.

 

  • Næringsopptak er registrert både i relativ mengde og kvalitet.

 

  • Genetiske prøver er tatt og dei er sende til DTU aqua i Danmark for å fastslå om den lokale silen er frå same populasjon som sil lengre sør langs kysten og i Nordsjøen. Dette er av verdi for å gi kunnskap om rekruttering og larvedrift.

 

  • Alderssamensetning er basert på dissekering og fotografering av otolittar i stereomikroskop. Samanheng mellom otolittlengde og fiskestorleik er kartlagt. Otolittar funne i fugl kan gi informasjon om fiskeartar og byttestorleik på silen som sjøfugl har konsumert (figur 1).

 

  • Basert på disse data har ein berekna energiinnhald i sil som byttedyr, og samanlikna det med behovet til sjøfuglen. Energibehov til å fóre opp ungen, og energi for å dekke dykking, fangst og transport av bytte tilbake til reiret.

 

  • Det er teke prøver av sil i gytetida, som er rundt årsskifte. Silen kjem opp frå dvale og forlèt sedimentet for sverming før han vender tilbake til dvaletilstanden i sedimentet.

 

  • Egg og isel er fotografert i foreldrefisken før gyting, og etter ovulasjon. Ein har berekna fekunditet til hofisken.

 

  • Berekning av kondisjonstap under dvalen.

 

  • Samanlikning av byttesstorleik mellom torsk og hyse på same tid og stad.

 

  • Samanlikning av storleik av sil på 6 ulike lokalitetar på same tid.

 

  • Andre artar i magesekken til torsk og hyse har vore småfisk av hyse og augepål.

 

  • Registrering av parasitt i havsilen.

 

  • Formidling. Roger Kvalsund har hatt søndagsforedrag på RMS om sil. Biologi og lokalhistorisk deltaking i tobisfiskeriet i Nordsjøen av  båtar frå Herøy.

 

 

 

 

figur-1-otolittpar-fra-sil-ved-runde-alder-4-ar-lengd-otolitt-262-mm

Figur 1. Otolittpar frå sil ved Runde (alder 4 år). Lengd otolitt 2,62 mm.

 

 

 

figur-2-havsil-samla-inn-fra-torskemagar-fanga-ved-runde

Figur 2. Havsil samla inn frå torskemagar fanga ved Runde

 

Samarbeid med SEAPOP programmet er oppretta og forskingsskipet ”FF Gunnerus” frå NTNU i Trondheim kjem til Runde 17.- 27. juni 2017 og skal kartlegge beiteområda for sil og andre artar som er viktige for sjøfuglane. Toktet vil fokusere på situasjonen i fuglefjellet på Runde: Kva er årsakene til den dramatiske nedgangen i fleire av sjøfuglbestandane og kva kan vi gjere for å følgje med på utviklinga og korleis vi kan nytte oss av moderne teknologisk utstyr til å overvake sjøfuglane og mattilgangen i havet. Kva tiltak kan setjast i verk for å betre situasjonen?

 

Det blir med fleire forskerar og omlag 12-15 studentar på toktet. Det skal produserast 2-3 hovudfagsoppgåver og fleire forskingsartiklar.

 

Havforskingsinstituttet og SEAPOP programmet blir med på prosjektet. I byrjinga av mars blir det arrangert eit seminar på Runde der eksisterande kunnskap skal summerast opp, og toktet skal planleggast. Figur 3 viser kva område ein skal fokusere på ved gjennomføring av toktet.

 

Arbeid med organisering og planlegging av tokt og seminar er gjennomført i 2016.

 

 

figur-3-hovudomrade-for-tokt-med-ff-gunnerus

Figur 3. Hovudområde for tokt med «FF Gunnerus».