NTNU Trondheim, AMOS, NINA, Runde Miljøsenter med fleire deltek i desse dagar med eit tokt i våre farvatn. Dette er eit unikt prosjekt som tek sikte på å svare på fylgjande:

Er det ein samanheng mellom mattilgang og nedgang i sjøfuglbestand på Runde?
Kva er årsaka til nedgangen i fleire av fuglebestandane?
Kan vi nytte moderne teknologisk utstyr til å overvake sjøfuglane og mattilgangen i havet?

Det som også er unikt er båten «Gunnerus» som er spekka med tilbehør frå Rolls-Royce og vert no testa i vårt område. Det vil også bli testing av med anna AUV (Kongsberg og Havila).

Det vil vere høve til å kome om bord «Gunnerus» når båten er her, den skal også ligge til kai til Fosnavågkonferansen 22. juni.