I desember reiste Professor Lars Golmen til Japan for å undervise ved Tokyo University of Marine Science and Technology. Han har fått eit professorat ved dette universitetet (https://www.kaiyodai.ac.jp/english/), og skal arbeide der tre månadar per år. Engasjementet går ut på forsking ved bruk av avanserte metodar innan oseanografi, slik som akustisk tomografi (skanning ved hjelp av lyd) og kartlegging av mikroplast i havet med optisk partikkelskannar.

Havenergi er også på programmet, der Lars både skal forske og undervise, som ein aktivitet under Havenergisenteret ved Runde Miljøsenter (RMS).

Det skal utarbeidast eit utvekslingsprogram for japanske studentar og forskarar som vil opphalde seg ved RMS og i distriktet rundt, delar av året.

Rett før jul var Lars Golmen og andre tilsette ved universitetet ute i Kagoshima Bay der akustisk tomografi og mikroplast var tema. Dei henta på denne turen opp fem akustikkbøyer og prøvde ut ein optisk partikkelskannar for mikroplast. Dette er ein prototype som i følgje Golmen ser lovande ut.  Den delen av bukta dei var i, er eit gammalt krater, der det lek ut CO2 frå botnen på 200 meters  djup. Dei vil prøve å kartlegge korleis gassen spreiar seg i havet ved hjelp av akustisk tomografi.

 

Foto: Lars Golmen

Foto: Lars Golmen

På bilete: Frå turen i Kagoshima Bay. To av dei på bildet, Maeda-san og Shitashima-san, var med på CTI-CO2 lagringsprosjektet som vart gjennomført i Storfjorden i 2002.

 

Faktaboks om Lars Golmen:

lars-g

Lars Golmen har oseanografi som fagfelt. Han gjer studiar av straumforhold og dynamikk, vassutskifting og is-legging. Han er tilsett i NIVA og Runde Miljøsenter og har også erfaring frå karbonlagringsprosjekt, slik som til dømes CO2GEONET (http://www.co2geonet.com/home/ )

Golmen arbeider også innan feltet havenergi, og har bidrege til studiar om havtermisk energi, og til tilrettelegging av testlokalitet for bølgjekraft ved Runde. Han er medlem i IEA (Det Internasjonale Energibyrået) si gruppe om havenergi og miljø (IEA-OES) og i ICES (Det internasjonale rådet for havforsking) si arbeidsgruppe om same tema, samt i den europeiske samanslutninga for havenergi, EU-OEA.