Rundeskatten endeleg heime

06. januar 2011

Torsdag 6. januar 2011 er ein dato som blir ståande i historia til Runde Miljøsenter: Denne dagen henta vi Rundeskatten heim.

Myntane er no forsvarleg låst inne i bankboksar hos Sparebanken Møre, og det kulturhistoriske materialet er trygt plassert i det topp moderne magasinet til Sunnmøre Museum. Det var hurtigruteskipet Richard With som frakta skatten heim frå Bergen – gratis.

I nærare 40 år har det kulturhistoriske materialet og ein stor del av myntane frå Rundefunnet blitt oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum. Men heilt sidan planlegginga av Runde Miljøsenter starta, har det vore tanken å prøve å få henta skatten heim og stille den ut på senteret. Det har vore ein lang prosess, men no er første del av planen fullført. Det neste steget blir å lage til ei midlertidig utstilling av delar av skatten, slik at folk får sjå den.

På sikt skal store delar av Rundeskatten stillast ut permanent ved Runde Miljøsenter. Senteret arbeider med å bygge opp eit informasjons- og opplevingssenter, som skal bli ein ny og stor attraksjon i regionen. Her blir myntar og andre gjenstandar frå Rundeskatten viktige element, i tillegg til modellen av Akerendam som Robert Pareliussen har bygd for miljøsenteret.