Planar for Rundeskatten

09. januar 2011
Etter nesten 40 år hos Bergen Sjøfartsmuseum, er Rundeskatten endeleg heime igjen. Runde Miljøsenter har tatt over ansvaret for funnet, og skal stille ut delar av det om kort tid. Tanken om å få Rundeskatten heim igjen og stille den ut ved Runde Miljøsenter er ikkje ny. Heilt sidan planlegginga av senteret starta, har grunnleggjarane hatt funnet i tankane, og har derfor også bygd utstillingslokale. Men det har vore ein lang prosess. At Bergen Sjøfartsmuseum, Myntkabinettet og Riksantikvaren til slutt godkjente flyttinga, er resultat av målretta og vedvarande jobbing. Hovudgrunnane til at Runde Miljøsenter til slutt fekk ta over deponeringsansvaret, er dei gode utstillingslokala ved senteret, avtalen med Sunnmøre museum om lagringsplass i det topp moderne magasinet deira, og at myntmaterialet blir oppbevart i bankboksar når dei ikkje er utstilte.

Utstilling

Store delar av gjenstandane og myntane frå Rundefunnet skal stillast ut permanent i det store informasjons- og opplevingssenteret som er under planlegging ved Runde Miljøsenter. Men det vil ta tid før dette står ferdig. Derfor blir det først ei midlertidig utstilling, slik at publikum skal få høve til å sjå litt av det skatten inneheld. Arbeidet med den midlertidige utstillinga startar med ein gong, og den vil bli opna så snart den er klar. Dato er ikkje fastsett enno, men vil bli offentleggjort så snart utstillinga er ferdig.

Bygget og senteret

Runde Miljøsenter leiger lokala sine av Runde Miljøbygg. Bygget er realisert fordi så mange trudde på planane om ny aktivitet og nye miljøarbeidsplassar på øya. Sjølv om privatpersonar står bak, har det vore heilt grunnleggjande at Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy kommune og lokalt næringsliv gjekk inn som aksjonærar i Runde Miljøbygg. Det gjorde det mogeleg å bygge senteret, som vart offisielt opna i oktober 2009.

Gode hjelparar

Mange har bidrege til at Runde Miljøsenter har lukkast med å få Rundeskatten heim igjen. Spesielt vil vi takke Hurtigruten og kaptein Harald Otervik for trygg og gratis transport, der kapteinen sjølv tok ansvaret for myntane under heile reisa. Sparebanken Møre i Fosnavåg og banksjef Per-Ronald Knutsen har tatt på seg vertskapsrolla for myntane når dei ikkje er utstilte, og stiller bankboksar til rådvelde. Sparebanken Møre har også gitt senteret ein innbrotssikker monter til myntane. Herøy Næringsforum har bidrege til finansieringa av modellen av Akerendam, og til arbeidet med flyttinga av skatten. Møretrygd har bidrege til finansieringa av monteren til Akerendam. Modellen er bygd av Robert Pareliussen. Sunnmøre museum leiger oss plass til det kulturhistoriske materialet i det nye og moderne magasinet sitt, der både temperatur og luftfuktigheit gir gjenstandane gode forhold. Amanuensis Arild Marøy Hansen ved Bergen Sjøfartsmuseum har vore uvurderleg som kontaktperson og fagmann. Utan støtta frå han hadde Rundeskatten framleis vore i Bergen. Mange andre har også vore involverte i prosessen med oppmuntring og gode råd, og det har betydd mykje for motivasjonen. Runde Miljøsenter takkar alle som har hjelpt oss med å få Rundeskatten heim.