Rundeskatten

01.mars 2011

Den 19. januar 1725 la det nederlandske handelsskipet «Akerendam» ut på jomfruturen sin frå øya Texel med kurs for Batavia (Djakarta i Indonesia). Ho segla i lag med «Gaasperendam» og «Kockenge», som også tilhøyrde det Nederlandske Ostindiske kompani.

Skipa var lasta med handelsvarer, og pengar som skulle brukast til å kjøpe krydder og andre verdifulle varer frå Aust Asia. Om bord i «Akerendam» var det 19 kister med gull- og sølvmyntar. Det var 200 menneske om bord, men berre namnet til kaptein Nicolaas de Roy er kjent.

Farleg seglas

På grunn av alle piratane i Den engelske kanal, segla skipa nord om Skottland. I eit frykteleg uvêr kom «Akerendam» bort frå dei to andre.

Om morgonen den 8. mars 1725 såg folk på garden Goksøyr på Runde at det var vrakgods i fjøra. Dei næraste dagane vart det funne omkomne og restar etter skipet over store område. Alle dei 200 om bord mista livet.

I tida etter forliset vart det berga opp fem kister med myntar frå vrakstaden, men så vart det stille om tragedien.

Fann skatten

Nesten 250 år seinare, den 16. juli 1972, fann to svenske og ein norsk dykkar myntar og ei av kanonene etter Akerendam i bukta sør-aust for Kvalneset på Runde. I løpet av tre veker tok dei opp nær eit halvt tonn myntar. I 1973 gjennomførte Bergen Sjøfartsmuseum ei utgraving på eit større område.

Skatten er eit av dei største myntfunna i Europa, og består av om lag 57 000 sølv- og gullmyntar. (6624 gullmyntar). Det vart funne over 400 ulike sortar mynt. Finnarane fekk 75 prosent, den norske stat fekk 15 prosent, og den nederlandske stat fekk 10 prosent. Den norske staten sin andel av myntane vart fordelt mellom Myntkabinettet i Oslo og Bergen Sjøfartsmuseum.

Utstilling

Det kulturhistoriske materialet frå vraket av Akerendam vart oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum i nesten 40 år, fram til 6. januar 2011. Då tok Runde Miljøsenter over ansvaret, og frakta myntane og gjenstandane «heim».

Les meir om Rundeskatten på desse sidene: