Kafé og utstilling i havgapet

Opningstider

Runde Miljøsenter er ope for overnattingarrangementer og omvising etter avtale heile året. Ope kvar dag om sommaren. 

Dagstur til Runde:

Runde, og Herøy forøvrig, er i sommarhalvåret eit eldorado for utandørs aktivitet. På Runde er særleg tur til fuglefjellet populært, og fugleinteresserte frå heile verda tek turen innom. Fuglefjellet kan ein sjå frå land ved å gå opp på fjellet frå Goksøyr på nordvest sida av øya, eller frå sjøen som deltakar på båttur rundt øya. Ein tur i fjøra er og spanande for store og små. 

På Runde Miljøsenter kan du sjå utstillingar og filmar om havet, fuglefjellet og Rundeskatten. Og er det behov for ei matpause har finner du kalde og varme rettar i kafeen. 

Gruppebesøk:

​Vi tek i mot grupper året rundt. Her kan vi tilby både faglege foredrag og guida turar i utstillinga.

Arrangement på Runde Miljøsenter:

​Haust og vår arrangerer vi søndagsforedrag med open kafe og utstilling. På bloggen finnast det informasjon om dei ulike arrangementa som skjer gjennom året. Hald deg gjerne også oppdatert gjennom å følge oss på Facebook!

Aktivitetar

Sjå utstillinga

Utstillingar og filmar om havet, fuglefjellet og Rundeskatten

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725.

Prisar

Vaksen: kr 85 

Barn: kr 35,-

Pensjonist/ student​: kr 55,-

Familie (max 7): kr 200,-​

Grupper (frå 15 pers.): kr 55,-​

Gruppebesøk og arrangement​

Kvart år har vi besøk av mange skuleklasser, pensjonistgrupper og bedrifter som får ein guida tur i utstillinga. Gjerne i kombinasjon med ein lunsj eller middag i kafeen. Er du på jakt etter ein aktivitet som er lærerik, spanande og kjekk er det bare å ta kontakt for tilbod og meir informasjon.

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya.

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Middag frå kl. 13. 

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og tilbyr enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.​

Gruppebesøk og arrangement​

Skal du halde selskap for familien, organisere tur med foreninga eller reise på tur med kollegaer? Kva med ein lunsj eller middag i havgapet. Ta kontakt for tilbod og informasjon for arrangement med oss.

Mat frå havet på Runde Miljøsenter.

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet.

Reis på sightseeing tur til fuglefjellet med båt

​Sesong: Dagleg 1 juli til 21 august. Kl. 11:30, 14:00 og 16:30. Turer utenom sesong på førespurnad.

Avreise: frå hamna på Runde ved Runde Miljøsenter.

Billett​ar:

Vaksen: kr ​250,-

Barn (4-12)​: kr 150,-

Sal av billetter i sesongen på Runde Miljøsenter, og om bord. For turer utenom sesong kontakt Bjørn Gustavsen på +47 93024210 

Bli med på ein tur med båt til fuglefjellet. Gaiding underveis. Turen tek ca. 2 timer. Her får du sjå og lære meir om fuglane som kjem til Runde.

Turen går tre gonger om dagen kvar dag i sesongen med. Atterhald om veret.

Ta ein tur opp i fuglefjellet

Kom innom for kart og informasjon om fuglefjellet. Ei omvising i utstillinga kan også vere lærerikt før ein tar turen opp i fuglefjellet. 

Gruppebesøk og arrangement​

For grupper kan vi tilby guida tur i fuglefjellet. Ein tur opp i fuglefjellet med ein kjentmann er ei innhaldsrik og kjekk oppleving.  Ta kontakt for tilbod og informasjon for arrangement med oss.

NYHEIT! Reis på rundtur til Runde frå Ålesund

No kan du bestille ein rundtur billett på internett. Avreise frå Ålesund med hurtigbåt til Hareid og buss til Runde. Bruk dagen på Runde til ein tur i fuglefjellet, besøk utstillinga og kafeen på Runde Miljøsenter eller bli med på ein båttur rundt øya. Bestill rundturbillett her.

Om ustillinga

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Energi frå havet og spesielt bølgjekraft er óg viktige element.

Sjå Havets Sølv på Runde Miljøsenter

Filmen inngår som ein del av utstillinga på senteret.​

Eit av verdas største og underlegaste naturfenomen finn vi utanfor Runde og langs Norskekysten. Det har aldri vore filma før. Knapt nokon har sett det. «Havets sølv» er ein storslått film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. Inspirasjonen fekk filmskapar Are Pilskog hos Runde Miljøsenter. – Eg er veldig stolt over resultatet, seier Are Pilskog i Blåst film. Han har arbeidd med prosjektet i snart fire år, og filmen er ei av Noregs største satsingar innan naturfilm. Det heile starta då Pilskog høyrde Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter fortelje om det magiske og storslåtte naturfenomenet som skjer under havoverflata på Mørekysten kvart år. Som dei fleste andre som høyrer desse foredraga, vart han forbløffa og imponert. Som fotograf og filmskapar såg han også at dette ville bli ein fantastisk dokumentar. Nils-Roar Hareide og Runde Miljøsenter har sidan mellom anna bidrege til prosjektet med kunnskap, undervassopptak med fjernstyrt miniubåt (ROV) og økonomiske bidrag. Ein eigen versjon av filmen blir ein del av utstillingane ved miljøsenteret.

Sjå sjøfuglane på Runde

I andre etasje på senteret kan du sjå sjøfuglane som hekker på Runde. 

Sjå fuglane som hekker på Runde

Yst i havgapet ligg fugleøya Runde. Den vesle øya har ikkje meir enn 90 fastbuande innbyggarar, men frå februar til august kvart år er det hekkesesong og meir enn 500 000 fuglar samlar seg på øya. 

Sjøfuglar er fugleartar som hentar maten sin i havet i heile eller delar av levetida si. Gjennom tidene har dei tilpassa seg slik at dei på matsøk kan operere og navigere over store havområde. Dei har utvikla kroppsform, fargar, føter og nebb som gjer at dei kan plukke, dykke eller stupe etter mat.

Sjølv om mange artar er i nær slekt med kvarandre, har dei spesialisert seg slik at dei lever i ulike økologiske nisjar. Sjølv om til dømes fleire alkeartar plukkar frå same fiskestimen, vel dei ofte fisk i ulik storleik. Dei har også ulike krav til hekkeplassane, slik at dei ikkje konkurrerer med kvarandre om reirplass i fuglefjellet. Nokre sjøfuglar har blitt ekspertar i å stele mat frå andre, eller dei kan ete åtsel og avfall som blir kasta på havet.

Sjå Rundeskatten

I andre etasje på senteret kan sjå og lære meir om den fantastiske skatten.

Den 19. januar 1725 la det nederlandske handelsskipet «Akerendam» ut på jomfruturen sin frå øya Texel med kurs for Batavia (Djakarta i Indonesia). Ho segla i lag med «Gaasperendam» og «Kockenge», som også tilhøyrde det Nederlandske Ostindiske kompani. Skipa var lasta med handelsvarer, og pengar som skulle brukast til å kjøpe krydder og andre verdifulle varer frå Aust Asia. Om bord i «Akerendam» var det 19 kister med gull- og sølvmyntar. Det var 200 menneske om bord, men berre namnet til kaptein Nicolaas de Roy er kjent.

Om morgonen den 8. mars 1725 såg folk på garden Goksøyr på Runde at det var vrakgods i fjøra. Dei næraste dagane vart det funne omkomne og restar etter skipet over store område. Alle dei 200 om bord mista livet.​

Les historia om skatten og sjå bilete frå utstillinga her.

Sjå Kaldt hav - Heite spørsmål

Delar av utstillinga kan sjåast på Runde Miljøsenter.

I 2014 har Norge syv ganger så mye hav som land. Men hvilke rikdommer finnes det, og hvordan tar vi vare på mulighetene? Og hva innebærer det å ha ansvar for disse enorme havområdene? På 200-årsdagen for Kieltraktaten 14. januar 2014 åpner utstillingen «Kaldt hav – hete spørsmål» i Fosnavåg, med historien i bakspeilet og fremtiden foran. Den gir et unikt innsyn i grunnlaget for vår nasjonale rikdom: Norges enorme havområder og en sjøvant kystbefolkning. Utstillingen gir en ypperlig mulighet til å bli kjent med Norge som moderne havnasjon. Den er vakker, full av overraskelser og nye innsikter, med film fra tidligere ukjente verdener og enestående gjenstander. 

Utstillingen viser et sammensatt bilde av hvordan havet legger grunnlaget for vår velstand, og løfter frem det produktive samarbeid mellom ulike kunnskapsområder. Fortellinger om engasjerte enkeltmennesker tegner bilder som forklarer Norges suksess som havnasjon. Men ansvaret for havet byr også på store utfordringer, noen av dem er hete spørsmål.

  • Blir det fisk til kommende generasjoner?
  • Hvordan forvalte havressursene slik at ulike virksomhetsområder kan eksistere side om side?
  • Hva vil klimaendringene bety i Arktis?

Plastforsøpling i havet 

I andre etasje på senteret kan du sjå utstillinga om plastforsøplinga som skjer i havet.  

Utstillinga er laga av plast som er plukka frå ei lita strand på Stadt som heiter Drage. Fem historier knytt til plastforsøpling i havet om mikroplast, straumvirvlar, plast inni havhesten, havsulereir frå Runde og plastforsøpling er synt fram ilag med «visste du» spørsmål og andre utstillingselement.  Utstillinga er gratis og kostar ikkje noko for å sjå.

Kunnskap om plast

Born og unge er viktige i denne utstillinga, med å løyse ein rebus og taktile element som ein kan røre og sjå nærare på.

I august skal utstillinga vidare til Folkebiblioteket ved Høgskulen i Volda. 

Havenergi

Runde Miljøsenter er er eitt av tre kompetanse sentra i Møre og Romsdal for havenergi.

Havenergi er fornybar energi frå havet. Det er lagra store mengder energi i havet som vi kan bruke til varme og produksjon av elektrisk energi. Norge har gode føresetnader for produksjon av energi frå havet. Det er store energimengder i bølgjene som treff kystlina, og den Nordatlantiske straumen gir oss isfrie farvatn og varme som kan utvinnast. Elvane som renn ut i havet kan brukast i osmosekraftverk. Det er lange maritime tradisjonar langs kysten, og derfor gode føresetnader for å utvikle og bygge teknologi som toler påkjenningane frå sjøen.

Kompetansesenter for havenergi er lokalisert på Runde Miljøsenter. Vi er eitt av tre kompetansesentra i Møre og Romsdal fylke, og er støtta av både Møre og Romsdal fylkeskommune og industrien. Hos havenergisenteret finn du informasjon om teknologi og forsking innan fornybar energi frå havet.

Les meir på havenergisenteret.no