Utsetting av hundrevis av leikebåtar av tre frå Runde.
Samarbeid mellom Vard og Runde Miljøsenter.
Golfstraumen er som ei voldsom elv som renn langs kysten av Norge. Denne elva fører store mengder næring frå det store havet og inn til kysten av Noreg. Havstraumane fører òg med seg fiskeegg og fiskelarvar frå gyteområda ved Runde og heilt opp til Barentshavet. Golfstraumen er den viktigaste føresetnaden for at det bur folk langs kysten av Norge. Den skaffar både næring og varme.
For å synleggjere dette vil Runde Miljøsenter i samarbeid med Vard og borna på Sunnmøre setje ut hundrevis av små trebåtar som skal følgje Golfstraumen og kyststraumen mot nord. På denne tida av året blir sildelarvane utklekte og det passar godt å setje ut båtane samtidig som alle desse milliardane av fiskeyngel startar på den same reisa.
Båtane skal spikrast saman på Runde og så skal dei merkast med namn på den som har laga båten og beskjed til finnarane om at dei må gi beskjed til avsendar og til Runde Miljøsenter. Utsetjingsstad og funnstad vil gi svært god informasjon om korleis havstraumane bevegar seg nordover langs kysten. Båtane vil bli funne både i nærområdet ved Runde og heilt opp til Finnmark og kanskje heilt til Russland. Det kan òg tenkast at nokre av båtane kan reise endå lenger.
Alle funn vil bli oppdatert på websida til Runde Miljøsenter som vil visualisere korleis båtane har fare med straumen. Vi planlegg at å invitere borna på Sunnmøre til å vere med på ei stort utslepp av båtar på ein spesiell dag. Det kan òg utviklast til ein fast aktivitet over ei viss tid.
Det skal leggast opp til at alle borna som sender ut båtar skal gå inn på sida og sjekka om nokon har funne deira båt. Dette vil føre til stor aktivitet på sida. Etter kvart vil dei gjenfunne båtane gi eit svært godt bilde av korleis havstraumen bevegar seg. Det vil etter kvart også dukke opp funn på venta stader som vil vekke oppsikt.
Vi ser på opplegget både som eit forskingseksperiment og som eit pedagogisk opplegg.
Kategoriar
Siste innlegg
- Digital samling i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre laurdag 14.11. kl. 10-13
- ERSTATTAST AV DIGITAL SAMLING!!! Møt frivillige strandrydarar, forskarar og fiskerinæring – invitasjon til seminar i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre
- Ny rapport om havenergi og miljøverknadar
- Havvind og miljøet
- Støvsuge fjøra – går det an?