Den gamle kystleia forbi Flåvær er i fokus både i Sunnmøre Museum si satsing og i Landsverneplanen for maritim kystkultur. Avdelingsleiarane for Herøy Kystmuseum og Dalsfjord Fyrmuseum har reist frå holme til holme langs leia for å finne restar etter den gamle kystkulturen i Herøy, Ulstein og Sande. Og førstkomande søndag kjem leiar for Dalsfjorden Fyrmuseum, Frode Pilskog, til Runde for å fortelje om prosjektet, leia og funna dei hittil har gjort. Det skal ein heilt annan tankegang til for å kome på sporet etter minnesmerka etter dei gamle samferdselsårene langs kysten vår. Medan vi i dag ferdast i bil på turre landet, og sentra har utvikla seg etter det, var det for berre to hundre år sidan heilt andre kriterie for kva som er sentralt og ikkje. Holmar som Borgarøya, Flåvær, Kriksholmen, Håkonsholmen osv. var sentrale stadar der folk kom til, la til båtane sine, handla og møttest i sorg og i glede. Ei prosjektgruppe har fått i oppdrag å finne kulturminne frå tida før bilen, registrere dei og fortelje om dei både i digital form og gjennom museumsformidling. Det er ringar og boltar som er slått ned i berget, det er rester etter kaier, tufter etter handelshus og steinsettingar etter bustadhus. Og ikkje minst er det viktig å finne spor etter lostenesta som hadde utgangspunkt i dei ytste øysamfunna våre og som var eit hardt yrke i sterk konkurranse om oppdraga. Frode Pilskog er leiar i prosjektgruppa som har oppdraget sitt både frå Sunnmøre museum, Kystverket og Landsverneplanen for maritim kystkultur. Han er arkeolog og kjem opphavleg frå Ulsteinvik. Og i kafeen er det sal av god heimelaga middag og kaffimat. Foredraget startar som vanleg klokka 15.00. FrodePilskog_Flaavaerleia