Mange har hatt glede av å sjå den nye fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter sidan den opna til påske. No er det på tide å vise fram fagfolka bak også – og å gjere opp status for årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde.

Det vart hektisk i innspurten med den nye fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter. Målet var å få den ferdig til påske, og det gjekk akkurat. Sidan har det gått slag i slag med mykje besøk, utan pusterom til å lage ei skikkeleg feiring av dei som står bak. Men søndag 30. september skal senteret slå to fluger i ein smekk: Både gjere stas på dei som står for den fuglefaglege kompetansen i utstillinga og invitere til foredrag med Alv Ottar Folkestad om årets hekkesesong i fuglefjellet.

Entusiastar

Olav Runde, Alv Ottar Folkestad og Roger Engvik har vore avgjerande for det faglege innhaldet i fugleutstillinga. Dei to første er ornitologar, Engvik er fotograf og fugleentusiast som har jobba i lag med dei to andre i 40 år. Alle tre har vore engasjerte i Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) sidan Per Steinar Myklebust etablerte foreininga lokalt på 1950-talet. Då starta det organiserte arbeidet med overvaking, ringmerking og innsamling av data om sjøfugl på Runde spesielt, og også langs resten av kysten. Olav Runde og Alv Ottar Folkestad har begge vore leiarar i NOF i fleire periodar, både lokalt og sentralt.

Sjølv om dei no er pensjonistar alle tre, syns dei det er viktig å formidle kunnskapen som medlemmane i NOF har samla gjennom mange tiår. Derfor har dei skrive artiklane og levert bilda til kunnskapsbasen om sjøfugl som er tilgjengeleg for publikum ved PC’ane i utstillinga. Fotoseriane som blir vist på storskjerm er laga av Roger Engvik. Olav Runde tok initiativet som førte til at miljøsenteret fekk låne ei stor samling utstoppa fuglar frå Stavanger museum, og Alv Ottar Folkestad har vore avgjerande for utforminga av informasjonen til publikum på glasveggane. Cann AS har utvikla konsept og design av utstillinga.

Mange andre har også bidrege til den spektakulære utstillinga, både designarar, preparantar, glasmeistarar, elektrikarar, snekkarar og tilsette ved senteret. Største æra har likevel dei tre entusiastane som har jobba på dugnad for å dele kunnskapane sine med publikum. Førstkomande søndag kl. 1530 vil dei fortelje litt om arbeidet sitt, sjølvsagt midt i utstillinga i storsalen.

Årets hekkesesong

Mange er uroa over nedgangen i sjøfuglbestandane på Runde. Korleis gjekk det i fuglefjellet i år? Er det rett at særleg lundefuglen fekk eit toppår i ungeproduksjonen i sommar? Er den negative trenden i ferd med å snu? Kl. 16 søndag 30. september gir Alv Ottar Folkestad svara i auditoriet ved Runde Miljøsenter. For etter markeringa av fugleutstillinga i storsalen, er tida inne til å gjere opp status for hekkesesongen i år.

Foredraget vil vare i om lag ein time, og kostar 50 kroner for dei som berre vil høyre det. For dei som kjøper billett til utstillingane og sildefilmen er foredraget og markeringa av fugleutstillinga inkludert. Senteret opnar dørene for publikum kl. 12 denne søndagen, og held ope med middagsservering, kaffi og kaker til kl. 17. Sildefilmen «Havets sølv» av Are Pilskog blir vist i auditoriet kvar heile time fram til kl. 16, då foredraget startar.

I auditoriet kan publikum også sjå gjesteutstillinga «Frå vogge til vogge» mellom filmframsyningane. Den presenterer eit stort utval produkt og firma som produserer ting som aldri blir til søppel. Alt kan enten kan gå direkte tilbake til naturen utan å gjere skade eller brukast om att i det uendelege. Og sjølvsagt er utstillinga av Rundeskatten også inkludert i billettprisen. Det er mange gode grunnar til å ta turen til Runde og Runde Miljøsenter søndag 30. september!