25. august fekk Miljøsenteret besøk av ei gruppe på om lag 20 personar frå det statlege foretaket ENOVA i Trondheim.
ENOVA administrerer støtteordningar for fornybar energi i Norge, og er m.a.o. ein relevant institusjon for miljøsenteret.
Bygget på Runde har status som ENOVA Forbildeprosjekt, noko som inneber særskilde krav med omsyn til byggematerialar, isolasjon og energibruk.

ENOVA fekk ei orientering om Runde miljøsenter og om det pågåande bølgjekraftprosjektet ved Waves4power, samt orienteringar frå lokal industri.
Enova har bidrege med støtte til bølgekraftprosjektet, som nyleg fekk konsesjon frå NVE.

Fleire lokale verksemder og kommunale representantar var til stades under presentasjonane og diskusjonane.

Det var eit utbytterikt besøk, uttrykte seniorrådgjevar Ingrid S. Myklebust ved ENOVA.