Problemet med plastforureining av havet har vist seg å vere mykje større enn nokon hadde sett føre seg og er no eit av dei største miljøproblema som verda står over for.  Sunnmørskysten er eit av dei områda som er hardast ramma. Ein del plast avfall  kjem frå lokale utslepp, men svært mykje kjem med kyststraumen frå det europeiske kontinentet og med Golfstraumen frå dei Bristiske Øyane og Nord-Amerika.

Det er ei kjempestor oppgåve å  kontinuerlig halde strendene våre reine for plastikk. Heldigvis har det vist seg at det er eit svært stort engasjement i lokalbefolkninga og det har kome i gang fleire oppryddingsaksjonar. Det er gjennomført ein kjempestor frivillig  innsats dei siste par åra, og utan innsatsen frå dei frivillige vil ein ikkje kunne greie å halde kysten rein for plast.

Det er derfor svært viktig å halde oppe motivasjonen til dei frivillige. Dei treng å kome samen med andre som ryddar og dei treng å diskutere og formidle erfaringane sine. Mange av dei frivillige har tileigna seg stor kunnskap. Denne kunnskapen er det viktig å ta i bruk. Til dømes er det svært viktig å kartlegge og dokumentere kvar plasten kjem frå og kjeldene til plastforureinga, slik at det kan settast inn tiltak.Under samarbeid med dei frivillige har det kome fram at det er eit behov for å kunne møte andre frivillige og utveksle erfaringar og ha eit fora der dei kan treffast, diskutere og dele kunnskap om funn.

Dei fleste har eige arbeid utanom som dei stettar og har ikkje dette som sitt daglege arbeid. Dei frivillige treng derfor oppfølging og motivasjon. Det er og av stor viktigheit å etablere ein møteplass der dei frivillige kan møte fagfolk og myndigheiter.

For å bidra til at ryddinga av plast langs Sunnmørskysten har Runde Miljøsenter saman med Sunnmøre Friluftsråd, tatt initiativ til å gjennomføre eit arbeidsseminar på Runde 12.-13. januar.

Mulevika i Herøy kommune

Mulevika har blitt plukka fleire gangar i 2018 - Isabella og Erika vil snakke meir om funna sine under sine frivillige tokt i område.

Foto: Erika Jasiūnienė


Hovudfoto: Jannicke Johnson. Ho var å rydda i Eiksund og fann mykje frå tida då tunellen vart til.