Digital samling i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre
Laurdag 14.11. kl. 10-13
Grunna utviklinga i koronasituasjonen har vi valt å avlyse den fysiske samlinga på Hareid og i stadet gå for eit digitalt seminar i eit komprimert format.
Det blir difor digital samling i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre!
Vi held fast på datoen 14. november og møtast på Teams kl. 10-13.
Tema blir:
- Dei frivillige i nettverket fortel – tankar, erfaringar med rydding under korona, behov...
- Sunnmøre Friluftsråd og Runde Miljøsenter fortel om ryddeårane sine
- Handelens Miljøfond orienterer om Rydd Norge som er under oppstart her i Møre og Romsdal
- Workshop: Kartlegging av rydda områder de siste årene + samanlikning med Havforskningsinstituttet sin modell for stranding av plast
- Vegen vidare for nettverket i ein koronatid
Tidsplan:
10:00 | Velkommen |
10:05 | Innlegg frå dei frivillige – ryddeåret, koronautfordringar, nye planar mm. |
10:35 | Handelens Miljøfond – Rydd Norge |
10:50 | Pause |
11:00 | Innlegg frå dei frivillige – ryddeåret, koronautfordringar, nye planar mm. |
11:30 | Sunnmøre friluftsråd – ryddeåret og nettverket |
11:40 | Runde Miljøsenter – ryddeåret og nettverket |
11:50 | Pause |
12:00 | Workshop med HI sin strandingsmodell - kartlegging av hotspots og rydda område på Sunnmøre |
12:30 | Vegen vidare for nettverket og innspill til søknad til Miljødirektoratet |
13:00 | Takk for i dag |
Alle er velkomne, også digitalt!
Du blir med via lenken her: https://bit.ly/3eQ0dBK
Om Microsoft Teams:
Vi brukar Microsoft Teams på seminaret. Har ikkje du Teams installert på data/mobil så er det ikkje noko stress. Du berre klikkar på lenka for deltaking og så opnar den seg sjølv i nettlesaren din. (Dette funkar dessverre ikkje med Firefox, men i Chrome, Safari og Edge skal det gå veldig bra!)
Spørsmål eller innspel?
Ta kontakt med nettverkskoordinator Louise H. Tackmann på louise@rundecentre.no eller tlf. 93995853