Runde Miljøsenter lanserte før jul saman med NTNU prosjektet «Det digitale havrom». Bakgrunnen for dette prosjektet er at Statens Vegvesen har investert i fem vindtårn og seks oseanografiske målebøyer. Investeringa på over 100 million kroner gjer Breisundet - Storfjorden til eit av dei best instrumenterte havområda langs Norskekysten. Med ytterligare instrumentering vil Breisundet kunne bli eit fullskala havlaboratorium som verda truleg aldri før har sett maken til. Statens Vegvesen legg alle data ut kontinuerlig slik at alle eventuelle brukarar kan laste ned data frå nettet. Prosjektideen som hittil har gått under arbeidsnamnet ”Det digitale havrom” har blitt møtt med iver frå så vel maritime bedrifter som statlige institusjonar og forskingsinstitusjonar. Stadig nye bruksområde og interessentar kjem for dagen og stadig fleire potensielle samarbeidspartnerar melder seg på. Prosjekt ”Det Digitale Havrom” handlar om å bygge opp ein infrastruktur av instrument og sensorar for å få meir kunnskap om havet. Ein slik type instrumentering vil gi nye moglegheiter for nøyaktig testing av korleis til dømes skip, fiskerireiskap, skipsutstyr, bølgjekraftanlegg blir påverke av bølgjer, vind og straum. System kan etter kvart sende informasjon i sann tid til hurtigbåtar og annan skipstrafikk som treng denne informasjonen for å auke sikkerheita for fartøy og passasjerar.   På bilete: Nils-Roar Hareide (Runde Miljøsenter) fortel om prosjektet til Steinar Kristoffersen (Høgskolen i Molde), Britt Flo (Molde Næringsforum), Finn Backer (Kristiansund og Nordmøre Næringsforening), Jan Steinar Engeli Johansen (Frp), Jenny Klinge (Sp), Knut Magne Flølo (Frp), Marianne Synnes (Høgre), Helge Orten (Høgre), Tove Lise Torve (Ap) og Else May Botten (Ap). (Foto: Per Helge Malvik, Sunndal Næringsselskap).