Aktiviteter på senteret som er opne for publikum.

Skattejakt og påskeeggjakt på Runde

Det blir ei spennande familiepåske på Runde. Runde Miljøsenter arrangerer både jakt etter påskeegga på fuglefjellet og jakt etter skattar ved fyret. Både egga og skattane er gøymde på Rundefjellet, men kart som kan gi familiane peikepinn om kvar dei skal finne påskeegg og skattar , kan hentast ved miljøsenteret. Lundefuglen er på plass i fuglefjellet [...]
  • Permalink Gallery

    Søndag 6. april kl 14: Minikonsert med Sunnmøre Festivalkor

Søndag 6. april kl 14: Minikonsert med Sunnmøre Festivalkor

Det er eit veltrimma Festivalkor som stiller til minikonsert på Runde Miljøsenter førstkomande søndag. Dei er klare til å dele med folket på Søre litt av repertoaret sitt til den store Veneciaturen dei legg ut på for å feire 10 års jubileet sitt. Og før og etter songen kan vi nyte heimelaga middag eller [...]

Vindskip og miljøkrav i skipsfarten

Med Vindskip™ vil oppfinnar Terje Lade revolusjonere store delar av skipsfarten. Men kan skipet fungere i praksis? Dei nye miljøkrava til sjøs og løysingane til det nyskapande skipet er tema for søndagsforedraget ved Runde Miljøsenter 30. mars. Om under eitt år, 1.1.2015, blir dei nye krava til lågare utslepp frå skipsfarten innført. Endå strengare [...]

Søndag 23. mars: Øynamn på Søre Sunnmøre

Nestemann ut i foredragsserien på Runde miljøsenter er Johan Ottesen. Han vil søndag 23. mars fortelje om ulike tolkingar av øynamna i distriktet vårt. Fleire av øynamna på Sunnmøre er svært gamle. Dermed kan dei vere vanskelege å forstå. Kva er grunnen til at namnet Hoð vart brukt om dagens Hareidland? Vi veit at Dolzey [...]

Søndag 16. mars: Frå såre fingrar til automatisk egning

Banklinefisket har tradisjonelt vore eit av dei viktige fiskeria på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane. Det er det framleis sjølv om talet på båtar har gått mykje ned. Knut Arne Høyvik kjem til Runde Miljøsenter 16. mars og fortel. Banklinefisket har tradisj onelt vore eit av dei viktige fiskeria på Sunnmøre og i Sogn og [...]

Qi Gong på Runde!

Helga 13.-15. juni kommer Peter Deadman til miljøsenteret på Runde for å holde workshop i Qi gong. Qi gong er puste- og bevegelsesteknikker som først ble utviklet i Kina. Teknikkene har vært utøvet i flere tusen år. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan oversettes med å praktisere eller arbeide [...]

Søndag 24. november: Kystpilgrimsleia

Kort tid etter at Olav Haraldson døydde og fekk helgenstatus som Olav den heilange, starta pilgrimane å valfarte til Nidaros. Frå våre kantar av landet for dei sjøvegen og stoppa langs kysten for å proviantere og for å utøve trua si. Mellom anna var Herøy ein sentral stoppestad. Sameleis St. Jetmund kyrkja på Åheim [...]

Søndag 17. november: Namn og tilnamn på båtar

Kvifor er somme båtnamn meir populære enn andre? Og kvifor er somme namn nesten utenkjelege å bruke på ein båt? Granskar vi båtnamna nærare, finn vi at også dei har motebølgjer på same måten som namn på personar. Komande søndag vil Johan Ottesen vere på Runde Miljøsenter. Han vil der gå nærare inn på kva [...]

Søndag 10. november: Naust og naustkultur

Harald Grytten og Inger Giskeødegård er naustfrelste. Dei har reist langs heile Sunnmørskysten på jakt etter gamle naustperler som dei dokumenterer og brukar som inspirasjon til kunst og til ord. Dei nye nausta kan vere fine, dei også. Men dei manglar ofte sjel der dei står som tinnsoldatar ved sjøen. Dei gamle nausta har form [...]

Om haifisken brugde på Runde Miljøsenter

Kjempefisken brugde vart høgt skatta av forfengelege damer på 60- og 70-talet. Det vil seie, dei visste nok knapt at det var brugdelever som gjorde huda mjuk og fin. Men fiskarane våre visste det, og gjorde gode pengar på denne haifisken etter at håbranneventyret var over. Søndag kjem Jakob Strand til Runde Miljøsenter og fortel [...]