Aktiviteter på senteret som er opne for publikum.

Ny strandrydding på Runde 27. april 2013

Runde Miljøsenter, i lag med SSR og grendalaget, inviterer også i år til strandrydding på Runde. I lag med resten av Norge er det 27. april som er fokusdag for ryddinga. På Runde Miljøsenter skal vi registrere, sortere og analysere avfallet før det blir innlevert til SSR. Vi inviterer folk frå Runde og omliggande øyar [...]
  • Permalink Gallery

    Søndagsforedrag 4. mars 2013: Botndyr og fjøreliv – og Den Grøne Korridor

Søndagsforedrag 4. mars 2013: Botndyr og fjøreliv – og Den Grøne Korridor

Korleis pustar børstemarken og kven er den dyktigaste rørleggaren? Og korleis kan dei gi forskarane informasjon om forureining? I fjøra og på havbotnen kryr det av ørsmå skapningar med forbløffande eigenskapar. I søndagsforedraget ved Runde Miljøsenter 10. mars får du høyre om nokre av dei. Somme er råd å sjå med eigne auge under fjøreturen. [...]
  • Sild - havets sølv. Foto: Are Pilskog
    Permalink Sild - havets sølv. Foto: Are PilskogGallery

    Søndagsforedrag 21. februar 2013: Kampen for nye generasjonar

Søndagsforedrag 21. februar 2013: Kampen for nye generasjonar

Dette med å skaffe seg etterkomarar er ikkje alltid så enkelt. Strategiane for å lukkast kan vere kompliserte både hos den eine og den andre. Korleis fisk gjer det blir det foredrag om ved Runde Miljøsenter komande søndag. Å føre slekta vidare er ei grunnleggande drivkraft hos alt levande. Men innsatsen som ligg bak varierer. [...]

På jakt etter gamle synder

Den gule farkosten ligg ein augneblink og duppar i småbølgjene, så dukkar han og blir borte i djupet. På overflata er det berre kabelen han dreg etter seg som viser kva for retning han går i. Tre par auge følgjer nøye med på dataskjermane ombord. Følgjene av gamle synder skal endeleg dokumenterast på film. Den [...]

Feiring og foredrag

Mange har hatt glede av å sjå den nye fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter sidan den opna til påske. No er det på tide å vise fram fagfolka bak også – og å gjere opp status for årets hekkesesong i fuglefjellet på Runde. Det vart hektisk i innspurten med den nye fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter. Målet [...]

Populært oljevernkurs

30 nye frivillege har fått kursbevis og er klare til innsats når ei ny katastrofe skjer. Andre helga i august arrangerte World Wide Fund for Nature (WWF) og NorLense oljevernkurs for frivillege ved Runde Miljøsenter. 30 til står på venteliste for å få vere med på det neste. - Vi vil gjerne halde kurs på [...]

Gratis foredrag med internasjonal stjerne

Han har brukt fugleforsking som fredsarbeid og militært utstyr til å kartlegge fuglar sine trekkruter. Han har utvikla utdanningsprogram og samarbeid mellom skular i land som er i krig med kvarandre og hatt besøk av folk som Bill Clinton. Tysdag 3. juli kl. 19.30 held professor Yossi Leshem gratis foredrag ved Runde Miljøsenter. Det er [...]