Bølgekraftanlegget til Waves4power vart lagt ut på lokaliteten sør for Måganeset ved Runde fredag 5. mai, etter ei tid med overhaling og oppgradering ved Ulstein verft.

Forankringane og fortøyningsanordningane som vart sett ut i 2016, vart nøye kontrollert og klargjort dagane før, av personell frå Waves4power og BlueOrbis.

Runde miljøsenter bistod med skaffe  bølgjedata frå den operative varslingsmodellen for sjøområda rundt Runde, og vinddata i sann tid frå vêrstasjonen på Runde hamn.

Bølgjekraftanlegget vil bli overvaka i tida framover, og meir utstyr vil kome på plass på lokaliteten med det første.