Havenergi som bølgjekraft og tidevasskraft er ny fornybar, «grøn» energi, som representerer teknologi med anteke avgrensa negative miljøpåverknadar og positiv miljøgevinst. Dei negative miljøaspekta som måtte eksistere, må imidlertid belysast og ivaretakast både gjennom forstudiar, modellering, overvaking og kunnskapsforvalting. Det vil vere tale om både generelle og anleggs-spesifikke/lokalitets-spesifikke miljøpåverknadar. Runde miljøsenter med Lars G. Golmen er sentralt plassert i internasjonalt arbeid på dette området, gjennom IEA og ICES arbeidsgrupper.

Norge er engasjert i det internasjonale energibyrået IEA sitt arbeid innanfor havenergi og miljø. Dette er organisert i Anneks 4 under paraplyen (Implementing Agreement) IEA-OES: Ocean energy systems, der Norge v/NFR er offisiell medlem. http://www.ocean-energy-systems.org/

OES-Anneks 4 tek for seg havenergi og miljøet, miljøovervaking og miljøpåverknadar av ulike typer anlegg, seier Golmen. Annex 4 gruppa har representantar frå 13 OES-land og er leia av PNNL: Pacific Northwest laboratories i USA. Gruppa møter eit par gonger i året, oftast i tilknyting til konferansar. Siste møte var i Nantes i Frankrike i september 2015, i samband med EWTEC konferansen der. Neste møte vert i Edinburgh i februar 2016 (ICOE konferansen), kanskje skal eg delta der, seier han.

Annex 4 har fleire løpande oppgåver, m.a. å vedlikehalde og oppdatere ein database for havenergi og miljøpåverknadar; Tethys databasen: http://tethys.pnnl.gov/. Her er mykje nyttig informasjon samla, både over anleggstyper, eksisterande installasjonar og gjennomførte testar og demonstrasjonar, samt referansar til rapportar og publikasjonar frå teoretiske studiar og miljøovervaking. Mykje av dette vil vere nyttig også for offshore vind. Gruppa organiserer i tillegg workshops og utarbeider og oppdaterer Best practice dokument for miljøovervaking. Oversyn over internasjonalt regelverk, lovgjeving og arealplanlegging til havs står sentralt i arbeidet no, og Golmen har nyleg samla inn data for dette for situasjonen i Norge.

Annex 4 arbeider med ei bok, State of the Science, for det som er kjent av miljøeffekter av havneregianlegg og korleis desse kan overvakast og dokumenterast på beste måte. Manuskriptet er til gjennomsyn og kommentar hos medlemmene i Annex 4, og vil bli publisert tidleg i 2016. Boka vil ta for seg dei ulike påveknadsfaktorane (stressors) frå anlegg, slik som det den fysiske installasjonen representerer, støy og lyd i sjøen, eventuell forureining og elektromagnetisk felt (EMF). Overvakingsmetodikk vert omtalt for sjøpattedyr, fugl, fisk og annan pelagisk fauna, samt for botnfauna og tang og tare (påvekst) der det er aktuelt. Tethys databasen og den nye boka utgjer ein nyttig referansebase for Runde miljøsenter, avsluttar Golmen.

For ytterlegare opplysningar om havenergi og om Anneks 4, kontakt L.G. Golmen, tlf 47890957.