Blog

Søndagskafé 9. september 2018

Velkomen til langopent søndagskafé på Runde Miljøsenter! Søndag 9.september held vi ope frå kl 11:00 - 19:30. Påmelding for organiserte aktivitetar gjer du her:
Aktivtetshelg i Fosnavåg
13:00 Skattejakt 14:00 Guida omvising, film og lunsj 18:30 Familiesuppe (husets fiskesuppe) Vi serverer fiskesuppe og kjøttkaker i brun saus frå kl. 13 og dessert, kaker og ulike typer smørbrød heile dagen. Aktiviteter for born: Ringspel, teiknekrok og [...]
Publisert av |3. september 2018|Aktivitet på senteret|Kommentarar avslått på Søndagskafé 9. september 2018|

Runde Miljøsenter på ONS-messa i Stavanger

Offshore Northern Seas (ONS) er ei viktig arena og møteplass for Runde Miljøsenter (RMS). Dagleg leiar Nils-Roar Hareide og marinbiolog Claudia Erber besøkte messa i Stavanger for å styrkebandet mellom RMS og bedriftspartnarar i Noreg-Brasil samarbeidet. Claudia Erber deltok på ulike forelesingar på messa. - Eg la merke til at under presentasjonane dei ulike forelesarane nytta [...]
Publisert av |29. august 2018|Nyhende|Kommentarar avslått på Runde Miljøsenter på ONS-messa i Stavanger|

Pilotanlegg for svartvannshandsaming til Runde Miljøsenter

Utanfor Runde Miljøsenter er det etablert eit mobilt, containerbasert anlegg til mottak og behandling av svartvatn frå vakuumtoaletta ved senteret. Her er det fokus på gjenvinning av energi og næringsstoff frå avløpsvatn. Anlegget sitt kjerneelement er ein såkalt ABR-reaktor (anaerobic baffel reactor) som omdannar storparten av det organiske stoffet frå kloakken til biogass. Biogassen [...]
Publisert av |24. august 2018|Nyhende|Kommentarar avslått på Pilotanlegg for svartvannshandsaming til Runde Miljøsenter|
  • Permalink Gallery

    Kunstnarar med fokus på marin forsøpling ved Runde Miljøsenter

Kunstnarar med fokus på marin forsøpling ved Runde Miljøsenter

Kunstnarane Astrid Runde Saxegaard og Samuel Olou har no satt i gang si veke med kreativitet på Runde. Dei arrangerer ein Artist Residence ved Runde Miljøsenter (RARe) for fokus på forsøpling av havet. Dei nyttar Runde Miljøsenter som base og vil ha utstilling komande fredag og laurdag. I desse dagane skal dei samle inn materiale [...]
Publisert av |25. juni 2018|Nyhende|Kommentarar avslått på Kunstnarar med fokus på marin forsøpling ved Runde Miljøsenter|

Naturfagekskursjon ved Runde Miljøsenter

24.mai var  elever frå fyrsteåret ved Ulstein Vidaregåande skule på naturfagdag ved Runde Miljøsenter. Dei 125 elevane fekk testa seg i  dissekering av makrell, sjå Line prate om mikroplast på nrk.no, høyre og teste seg i fuglesong, sjå ulike fugleartar og fått sett eit utval av små og litt større dyr og insekt som lever [...]
Publisert av |24. mai 2018|Nyhende|Kommentarar avslått på Naturfagekskursjon ved Runde Miljøsenter|

Besøk Runde i sommar 2018

Besøk Runde i sommar!

Bli med på kjekke aktivitetar for barn og vaksne

  • Opplev fugleøya med båt frå Runde hamn
  • Besøk lundeura og fuglefjellet, eller se etter sel på ei fjørevandring
  • Sjå Rundskatten, filmen Havets sølv og sjøfuglane i utstillinga
  • Open kafé med kaffi, kake og småretter
  • Ringspel, rebus, og teiknesaker for barn

OPNINGSTIDER

Laurdag 9 juni til og med søndag 19 august.

Kl. 11 - 17 Ope kafé og utstilling. 

Aktivitetar

Reis på sightseeing tur til fuglefjellet med båt

Bli med på en guidet tur med båt til fuglefjellet. Turen tek ca. 2 timer og her kan du sjå og lære meir om fuglane som kjem til Runde.

Avgang: Kl. 11:30, 14:00 og 16:30.
Avreise: frå hamna på Runde ved Runde Miljøsenter.

​Billettar

Vaksen: kr 250,-
Barn (4-12 år): kr 150,-
Sal av billetter i kafeen på Runde Miljøsenter før avgang.

Turen går med atterhald om godt vêr og minimum fem påmeldte.

«Havets sølv» er ein storslått film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. Sjå filmen på storskjerm i auditoriet.

Sjå Rundeskatten og fuglane

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Vi visar også den mykje omtalte dokumentaren "Havets sølv" som er spilt inn på Runde. 

​Billettar

Vaksen: kr 85,-
Barn: kr 35,-
Pensjonist/ student: kr 55,-
Familie: kr. 200,-
Grupper: (frå 15 pers.) kr. 55,- per pers.

Mat frå havet på Runde Miljøsenter.

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. (Illustrasjonsfoto).

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi småretter, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Nyt eit måltid i havgapet. 

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur på Runde

På Runde finn du fleire stiar som egnar seg for korte og lange turar. På ut.no kan du få mange gode tips til kor du kan gå. 

Overnatting på Runde Miljøsenter

Bo i moderne leiligheiter med sjøutsikt

  • Full tilrettelegging for sjølvhushald
  • Velg mellom enkeltrom, dobbeltrom eller heil leilegheit
  • Gratis internett og parkering
  • Godt eigna for familier

Bestill for å sjekke pris og kapasitet

Publisert av |11. mai 2018|Aktivitet på senteret|Kommentarar avslått på Besøk Runde i sommar 2018|

Internasjonal arbeidsgruppe frå ICES besøker Runde

ICES, Det internasjonale råd for  havforsking (International Council for the Exploration of the Sea), vart danna 22. juli 1902 i København og har 20 medlemsland. Organisasjonen har hovudsete i København.

I byrjinga var ICES ein vitskapleg organisasjon som arbeidde med praktiske fiskerispørsmål, og eit tverrfagleg forum for marine studiar. I dag er ICES ein mellomstatleg organisasjon for havforsking, og eit rådgivande organ for fiskeriforvaltning i medlemslanda og EU.

Fjordårets møte i arbeidsgruppa var i Lisboa, og i år altså på Runde. Samanstilling og oppdatering av relevant informasjon dannar grunnlag for arbeidet til gruppa. Dette gjer dei for å bistå beslutningstakarar og styresmakter med råd omkring planar om utbygging og overvaking, som tek i vare både naturressursar og miljø i havet. Lars Golmen ved Runde Miljøsenter er norsk representant i  gruppa.

Snart er «halve Nordsjøen» full i vindmøller

– Vi skal sjå trendar for kva konsekvensar den nye og raskt veksande teknologien har verka inn på det marine økosystemet, seier Finllay Bennet frå Marine Scotland, leiar for gruppa.

Gruppa ser med anna på om støy kan påverke fisk, niser og delfinar. Korleis påverkar installasjonar i havet desse? Kommuniserer dei annleis når skip og installasjonar lagar støy i havet?

– Vi har også merka laks for å finne ut kvar dei reiser, kva rute dei tek og om dei reiser attende til elva dei er fødde i.  Vi registrerer kor mykje tid dei nyttar, kva djup  dei sym på. Denne registreringa skal forhåpentlegvis gi oss betre innsikt i om laksen vert påverka av installasjonar i havet, seier Bennet.

Forsøk med merking av fugl har gitt viktig informasjon om effektar av vindmøller.

Onsdag 18/4 inviterte Runde Miljøsenter til eit seminar der gruppa møtte andre for å dele av sin kunnskap om prosjekt som dei er med på. Representantar for lokal industri, Statoil og andre deltok.

Neste møte i gruppa vert i Ostende i Belgia.

Programmet: afternoon-seminar-wed-18april-at-runde-programme

Rapport: 01-wgmre-report-of-the-working-group-on-marine-renewable-energy-2017

Publisert av |19. april 2018|Nyhende, Seminar og kurs|Kommentarar avslått på Internasjonal arbeidsgruppe frå ICES besøker Runde|

Fyrste møte i Landsstrømsforum

Foto: Skjermdump av nek.no av båten «Karoline» – den første elektriske sjarken av Selfa Artic. RMS deltok på oppstartsmøtet i Landstrømsforum i Oslo 12. april. Dette er eit tiltak som er koordinert av NEK, https://www.nek.no/nek-komiteer/forum/ Elektrifisering av skipsflåten er kome høgt på agendaen. Fyrste bilferga «Ampere» med batteri og lading kom i drift i 2015, og no [...]
Publisert av |17. april 2018|Nyhende|Kommentarar avslått på Fyrste møte i Landsstrømsforum|
  • Permalink Gallery

    Pilotanlegg Runde til behandling av svartvann med fokus på ressursgjenbruk

Pilotanlegg Runde til behandling av svartvann med fokus på ressursgjenbruk

Utanfor Runde Miljøsenter er det etablert eit mobilt, containerbasert anlegg til mottak og behandling av svartvann frå vakuumtoalett med fokus på gjenvinning av energi og næringsstoff. Anlegget sitt kjerneelement er ein såkalla ABR-reaktor (anaerobic baffel reactor) som omdannar storparten av organisk stoff som finnes kloakken til biogass.   Biogassen vert omdanna igjen til varmeenergi i en [...]
Publisert av |4. april 2018|Nyhende|Kommentarar avslått på Pilotanlegg Runde til behandling av svartvann med fokus på ressursgjenbruk|

Påska 2018 på Runde

KVA SKJER I PÅSKA 2019

I 2019 har Runde Miljøsenter fått ein ny nettstad for besøkssenteret, overnatting og kurs&konferanse aktivitetar. 

Her kan du og sjå programmet for påska 2019 og bestille turar du ønsker å være med på.


Publisert av |8. mars 2018|Aktivitet på senteret|Kommentarar avslått på Påska 2018 på Runde|