Kurs i Lokalmat - tilby bedre matopplevelser

​Tema: sjømat

​Påmelding

​Stad: Runde Miljøsenter

Dato: 21-22 november (lunsj til lunsj)

Det er avgrensa med plassar på kurset, så her er det førstemann til mølla prinsippet som gjeld.

Du kan også melde deg på ved å sende ein e-post til booking@rundecentre.no.

Frist for påmelding: 11. november. Påmeldinga er bindande.

Det er ein eigendel på 1500 kr per deltakar som dekker kurs og bevertning under kursopphaldet. Runde Miljøsenter kan tilby overnatting til rabatterte priser for kursdeltakarar. Opplys om det er behov for overnatting ved påmelding. Program for kurset vert ettersendt ved påmelding.

Om kurset

Målet med kurset er å bidra til å heve kokkekompetansen med omsyn til norske råvarer, tillaging, kvalitet, menyvariasjon basert på sesong, økonomi og hygiene. Saman med Gastronomisk Institutt skreddarsyast kurset med ein omfattande regional/lokal profil. Kokk(-er) frå Gastronomisk Institutt er tilstade på heile kursets gjennomføring og bidrar med individuell rettleiing under og etter kursa.

iPax Mat har kjennskap til, og god kontakt med dei regionale nettverka av produsentar, matfestivalar og formidlarar av kompetanse frå heile landet. iPax Mat skal sikre at dei beste lokale råvarene er tilgjengelig for kurset.

Kurset haldast i regi av Innovasjon Norge med kursholdere frå iPaxmat og Gastronomisk Institutt.

Kven er kurset for?

Kokkekurset retter seg mot unge kokker og lærlingar, kokker med lengre erfaring som ønskjer ny inspirasjon, samt ufaglærte praktiserande kokker. Kurset er primært for kokker i hotell og restaurantar som er open for alle.

Gjennomføring og praktiske opplysningar

Kurset går frå lunsj til lunsj og gjennomføras som eit kjøkkenverkstad med ein kombinasjon av aktiv deltaking,demoaktivitetar frå Gastronomisk Institutt, samt noko teori.

Deltakarane må ta med seg kokkeklede på kurset.