Bli med på forskingsprosjekt for barn.
Runde Miljøsenter set i gang eit forskingsprosjekt for barn i påska. Alle barn blir inviterte til å bli med på å snikre båtar som skal sjøsettast 1. påskedag for å finne korleis havstraumane går forbi Runde og nordover kysten til Barentshavet.

Borna kan seinare følgje med på sidene til Runde Miljøsenter kvar båtane deira går og blir funne att.

Runde Miljøsenter driv forsking på det som har med hav, fisk og fugl å gjere. Og denne påska set dei i gang eit forskningsprosjekt i samarbeid med skipsverftet Vard for å finne ut meir om havstraumane langs kysten.

Born blir inviterte til å bli med på å snekre båtar som blir merka med namn og nummer i løpet av påskedagane. 1. påskedag blir det ei gedigen sjøsetting. Forskingsleiar Nils Roar Hareide håper på at dei kan sette ut ca 100 båtar for å vere sikre på at det blir eit godt nok grunnlag for å seie kvar straumane går.

Runde Miljøsenter kjem til å lage ei nettside der borna kan følgje med på om båtane deira vert funne og kvar. Dermed kan dei sjølve sjå korleis straumane går langs kysten. Men prosjektet inneber at mange barn vil vere med å snikre båtar og sjøsette. Og så må folk melde frå når dei finn små Vard-båtar i fjøra.

Vi vil gjerne vere med på å stimulerer born til å bli nysgjerrige på havet, og dette prosjektet trur vi skal spore til interesse for dette mektige havet som vi omgir oss med, seier Hareide.
Det blir snikring Palmesøndag, Skjærtorsdag, Langfredag og Påskeafta.

 Borna er allereie i gang med å snikre båtar til forskningsprosjektet ved Runde Miljøsenter

Borna er allereie i gang med å snikre båtar til forskningsprosjektet ved Runde Miljøsenter