Kurs og møtepakker på Runde Miljøsenter

Bestill møtepakke på Runde

Legg ditt neste møte til naturskjønne Runde. Her får du arbeide effektivt og kan nyte det vakre landskapet, ete varm lunsj og få frisk sjøluft i pausane. Vi har også lokale, mat og overnattingshøve for større arrangement.

E-post: booking@rundecentre.no

Telefon: 7008 0800

Møtepakke

1 dag

frå 495 kr

Tilbodet gjeld frå

minimum 10 personar.

Dagpakke for møter i havgapet 

Tilbodet inkl. 

  • Varm lunsj med dessert og kaffe/te
  • Ei servering av kaffe/te under møte
  • Møtelokale med wifi og prosjektør

Vi kan skreddersy di oppleving. Be gjerne om tilbod på guida omvising i utstillinga, pausemat eller kvifor ikkje avslutte dagen med ein koseleg middag?

Møtepakke

2 dagar

frå 1 495 kr

Tilbodet gjeld frå

minimum 10 personar.

Lunsj til lunsj pakke for møter i havgapet 

Tilbodet inkl. 

  • check
    Overnatting i delt leilegheit med sjøutsikt og frukostbuffé
  • check
    Vi pynter opp til ein selskapsmiddag
  • Servering av varm lunsj og kaffe/te begge dagar 
  • To serveringar av kaffe/te under møte
  • Møtelokale med wifi og prosjektør

Vi kan skreddersy di oppleving. Be gjerne om tilbod på guida omvising i utstillinga, pausemat eller kvifor ikkje oppgradere lunsjen med ein dessert?

Med oss kan du...

Med oss kan du bu i leilegheiter med utsikt 

Vi leiger ut moderne leilegheiter heile året, og her kan du nyte naturen rett utanfor stoveglaset. 

Med oss kan du spise eit måltid i havgapet

Senteret har alle rettigheiter, og kan tilby små freistingar så vel som smakfulle lunsjmenyar og finare middagsrettar.

Med oss kan du bli med på ei guida omvising

Gjennom ei guida omvising kan du lære meir om havet, fuglefjellet og Rundeskatten

Be om eit tilbod i dag!

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Besøk oss i havgapet