Denne veka har Runde Miljøsenter hatt besøk frå Japan. Vår eigen Lars Golmen som er professor ved Tokyo University of Marine Science and Technology har hatt ei gruppe studentar og professorar på besøk dei siste to vekene. - Fyrste veka var vi Bergen og besøkte ulike institusjonar der som har marin/maritim tilknyting og denne veka har vi vore her på Sunnmøre og besøkt med næringsliv og universitet, seier Lars Golmen. Golmen er nøgd med kva han har fått syne fram for studentane og kollegaene. - Det er mykje variert næringsliv her på Sunnmøre, og eg trur vi har mykje å lære av kvarandre, fortel Golmen. Professor Akio Okayasu presenterte universitetet og  fann den gode tilbakemeldinga frå næringslivet som ynskjer seg samarbeid, veldig positiv. - Vi ønskjer å få til eit samarbeid med næringslivet her på Sunnmøre, bekreftar professor Aiko Okayasu. Studentane var veldig nøgde med opphaldet og kunne fortelje at dei har lært utruleg mykje og er takksame for tida som verksemder og institusjonar har gitt dei. Bilete frå turen:

Gruppa var ved Equinor i Bergen.

Her presenterer Professor Akio Okayasu universitetet for tilsette ved Rolls-Royce Propulsion AS.

Gruppa ved Rolls-Royce Propulsion AS i Ulsteinvik.

 

Gruppa ved Ulstein Group ASA i Ulsteinvik.

Gruppa besøkte Jets AS før dei drog vidare til NTNU i Ålesund.

  Meir om Lars Golmen sitt arbeid i Japan.