Runde Miljøsenter fekk besøk av Næringskomiteen måndag 22.10. Nils-Roar Hareide og varaordførar Camilla Storøy ynskja komiteen og dei besøkande varmt velkomen til Herøy og Sunnmøre.

Nils-Roar Hareide (dagleg leiar) fortalde Næringskomiteen at vi treng også forsking i distrikta, ikkje berre i Oslo, Bergen og Trondheim.

- Det vi har er småpengar, men likevel driv vi med svært verdfull forsking, seier Hareide og håpar på politikarane og styresmaktene også forstår at vi har alt å tene som nasjon på at vi har levande forskingssenter også i distrikta.

Næringskomiteen sitt arbeidsområde er nærings-, industri- og handelsverksemd, skipsfart, statleg eigarskapspolitikk, statsgaranti ved eksport mv., konkurranse- og prispolitikk, landbruk, jordbruksavtalen, matpolitikk, fiskeri, fangst, akvakultur og laksefiske.

Les meir om besøket i nett.no eller Sunnmørsposten.