Ball har vorte festmat også. Og førstkomande søndag kjem kokebokbokforfattar og matbloggar, Gunda Djupvik, til Runde Miljøsenter for å gi oss gode tips og servere ball. Potetball har vorte populær kvardagskost. Kvar landsdel har sin eigen favoritt.Og torsdagane har vorte fast balldag over heile landet. Til og med på norske skip blir det servert ball. Men potetball med godt tilbehør har også vorte festmat. Og søndag vil Gunda Djupvik som nettopp har gitt ut boka: Ball, Klubb og Komle med dott, vere gjest ved Runde Miljøsenter. I tillegg til å gi oss oppskrifter og ballhistorie, vil ho gi oss tips om korleis vi skal få ballen heilt perfekt, med rett konsistens - og om nyare og moderne variantar. I boka si har ho eit solid utval av potetball og fiskebilde med ulikt følgje. Det finst kompe, komle, klubb, krumme, kompasset, ruter og risk. Vi trur gjerne at dette er ein særnorsk rett, men ball er ikkje særnorsk. Mange andre land har variantar av denne kraftige kosten som før nok vart laga for å mette slik at kjøttet rakk lenger. Gunda Djupvik serverer også ball etter eigne oppskrifter i kafeen som er open for middag og kaffisevering mellom klokka 13 og 17. Gratis inngang til arrangementet, som startar klokka 15.
Gunda Djupvik. Foto: Marie Næss

Gunda Djupvik. Foto: Marie Næss