Avsluttande møte i NeXOS-prosjektet

Siste felles møte i EU-prosjektet NeXOS vart gjennomført 13-14 september 2017. Møtet vart halde hjå prosjektleiar PLOCAN på Gran Canaria, same stad som møte vart haldt for fyrste gong i 2013. Frå RMS deltok Karsten Kvalsund og Lars Golmen.

Prosjektet utvikla nye sensorar for havovervåking og nye protokollar og system for sanntid dataoverføring til ein dedikert webserver (Sensor Web Enablement). Nye kompakte akustiske sensorar frå italienske SMID Technology gjer det mogleg å måle lyd i havet. Kompakte, optiske sensorar er utvikla av tyske TriOS og franske AMU for å oppdage og registrere organisk forureining i sjøen, organiske partiklar og mikroalgar.

NIVA bidrog med nye system for måling av CO2, pH og alkalinitet i sjøvatn. RMS har vore sentral i å teste sensorane og i å introdusere sensorar til bruk i fiskeflåten, gjennom det såkalla EAF konseptet (Ecosystem approach to fisheries). Sensorar er festa til fiskegarn og anna vegn og samlar miljødata utan at fiskaren treng å bruke tid på det: data vert overført automatisk til ein server på land så snart sensorane kjem opp frå sjøen.

I prosjektet har IFREMER i Frankrike vidareutvikla eit avansert elektrokjemisk system for å halde optiske sensorar og undervasskamera fri for påslag og groe. Mange av produkta vil verte viktig for norsk havforsking og i fiskeria og RMS vil sjølve få ny aktivitet i tilknyting til introduksjon og bruk av slik ny teknologi.

_4ah6195
– På bilete: Frå ei testing i Fosnavåg i 2017. Glideren henger bak båten og gjer registreringar.

 

Meir om prosjektet: www.nexosproject.eu