Næringsutvikling gjennom blågrønt samarbeid er peika ut som eit viktig satsingsområde i Noreg. Møre og Romsdal har store mulegheiter gjennom tilgang på rike ressursar, stort biologisk mangfald og sterk lokalt og globalt næringsliv.

Nyleg var 24 forskarar frå Runde Miljøsenter, Møreforsking Ålesund og NORSØK samla på Runde for å arbeide fram gode prosjektidear i skjeringspunkta mellom hav og land.

Møre og Romsdal ein komplett verdikjede
Innafor blå sektor utgjer næringslivet i Møre og Romsdal ein komplett verdikjede. Regionen er ein viktig sjømateksportør i Noreg og knutepunktet for Noregs  havfiskeflåte og sjømatindustri. I fylket finn ein også landets viktigaste klynge innan maritim industri og leverandørindustri. Innan grøn sektor er vi eit stort landbruksfylke med 10 % av landets ku-, storfe-, geit og sauehold. Møre og Romsdal er også eit stort reiselivsfylke der turismen er basert på naturgitte føresetnader  med fjordar, øyer og fjell, i tillegg til  kulturlandskap og bygdesamfunn forma av eit aktivt landbruk og fiske.

Økologi og miljø i sentrum
Ein viktig faktor for utvikling av næringsliv og forsking er at ein i auka grad må ta omsyn til miljø og økologi. Gjennom samarbeid om forsking og næringsutvikling mellom blå og grøn sektor er muligheitene store for nye produkt, felles satsingar og løysingar på vegen mot eit meir berekraftig  samfunn.

Representantar frå næringa var med og ga innspel under samlinga. Desse blir tekne med vidare. 

Prosjektutviklinga blir finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og eigeninnsats frå dei tre forskingsmiljøa.