Arbeidsseminar om marin forsøpling på Runde 12-13 januar 

Runde Miljøsenter og Sunnmøre Friluftsråd synes det er viktig å møte frivillige som plukkar marint avfall langs strendene på Sunnmøre.  


Frivillige har kunnskap som er viktig å dele og få fram. Derfor vil vi invitere eldsjelene som nyttar fritida si på dette arbeidet, samt små og store frivillige organisasjonar, til eit arbeidsseminar over to dagar der vi diskuterer funn og kva vi kan gjere vidare. Sidan dette arbeidsseminaret skal fungere og passe for frivillige, så legger vi det til ei helg.


Frivillige vil få arrangementet/seminaret dekka av vår sponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Dato og tid

Laurdag 12. og søndag 13. januar frå lunsj til lunsj.  


Seminaret vårt er fullt! Ynskjer du å stå på venteliste, så send ein epost til charlotte@rundecentre.no

Frivillige, offentlege og private er velkomen! 

Vi vil med dette invitere Miljødirektoratet, Hold Norge rent, Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og reinhaldsselskap til å kome å høyre på og delta i diskusjonen saman med ivrige strandryddarar.


Alle som ryddar strender kan melde seg på dette arrangementet og få dette dekka. Vi har maksimum 15 plassar for frivillige som vil delta og som vil overnatte til neste dag. Her er det fyrstemann til mølla. For dei som ikkje ynskjer å overnatte gjeld ikkje dette, men dei må melde seg inn som deltakar utan overnatting for å få vere med. Vi har totalt plass til 60 i dette arbeidsseminaret. 

Ei utfordring som krev innsats!

Problemet med plastforureining av havet har vist seg å vere mykje større enn nokon hadde sett føre seg og er no eit av dei største miljøproblema som verda står over for.  Sunnmørskysten er eit av dei områda som er hardast ramma. Ein del plast avfall  kjem frå lokale utslepp, men svært mykje kjem med kyststraumen frå det europeiske kontinentet og med Golfstraumen frå dei Bristiske Øyane og Nord-Amerika.

Det er ei kjempestor oppgåve å  kontinuerlig halde strendene våre reine for plastikk. Heldigvis har det vist seg at det er eit svært stort engasjement i lokalbefolkninga og det har kome i gang fleire oppryddingsaksjonar. Det er gjennomført ein kjempestor frivillig  innsats dei siste par åra, og utan innsatsen frå dei frivillige vil ein ikkje kunne greie å halde kysten rein for plast.

Det er derfor svært viktig å halde oppe motivasjonen til dei frivillige. Dei treng å kome samen med andre som ryddar og dei treng å diskutere og formidle erfaringane sine. Mange av dei frivillige har tileigna seg stor kunnskap. Denne kunnskapen er det viktig å ta i bruk. Til dømes er det svært viktig å kartlegge og dokumentere kvar plasten kjem frå og kjeldene til plastforureinga, slik at det kan settast inn tiltak.Under samarbeid med dei frivillige har det kome fram at det er eit behov for å kunne møte andre frivillige og utveksle erfaringar og ha eit fora der dei kan treffast, diskutere og dele kunnskap om funn.

Dei fleste har eige arbeid utanom som dei stettar og har ikkje dette som sitt daglege arbeid. Dei frivillige treng derfor oppfølging og motivasjon. Det er og av stor viktigheit å etablere ein møteplass der dei frivillige kan møte fagfolk og myndigheiter.

For å bidra til at ryddinga av plast langs Sunnmørskysten har Runde Miljøsenter saman med Sunnmøre Friluftsråd, tatt initiativ til å gjennomføre ein workshop på Runde 12.-13. januar.

Spørsmål om programmet?

Charlotte Hauge 

charlotte@rundecentre.no

tlf. +47 98107206


Lars Gustavsen

Praktiske spørsmål?

Lars Gustavsen

lars.gustavsen@rundecentre.no

tlf. +47 99 590 978

Travel to Runde

By car

Runde is a bit off the main roads and is easiest to get to by car. On Rv61 follow directions towards Fosnavåg onto Rv654. At Leinøya take right onto Fv18 and follow this road all the way to Runde.

By airplane

There are two airports nearby: Ålesund airport, Vigra and Ørsta-Volda airport, Hovden.

From Vigra you can take the bus to Valderøy and from there take the express boat to Hareid, or if you rent a car at the airport you can drive to Sulesund and take the car ferry to Hareid. From Hareid follow Rv61 south west in the direction of Runde. If you need a Taxi from Hareid contact Hareid Taxi at +47 70 09 24 93.

From Hovden you can rent a car and follow E39 a few hundred meters towards Volda, thereafter take Rv653 og Rv61 towards Runde. If you need a Taxi from Hovden contact Ørsta Taxi at +47 977 57 955.

By Hurtigruten

Torvik in Leinøya is port of call for Hurtigruten. From Torvik a taxi would take approx 25 minutes to take you to Runde. Contact Herøy Taxi on phone +47 70 08 86 63.

By public transport

For information on public transportation contact Trafikanten on phone +47 71 28 01 00 or visit the website for the public transport company FRAM. 

Stolt sponsor av frivilleg arbeid: