Isabella Lang og Erika Jasiūnienė har rydda ein del i Mulevika i Herøy kommune.  Under ryddinga så fekk dei ein ide om å lage til eit juletre ved Runde Miljøsenter med funn frå staden.

Det syns vi på Runde Miljøsenter var ein slik god ide at vi hadde eit alternativt juleverkstad her på Runde, der strandryddararne fekk boltre seg innandørs (for ein gang skuld) og lage til juletrepynt.

Med nyvaska plast frå Mulevika og limpistol vart nye og kreative kreasjonar trylla fram.

Runde Miljøsenter sitt juletre kan alle sjå gjennom vindauget i fyrste etasje. Det skal stå heilt fram til vi skal ha arbeidsseminar om marin forsøpling i januar 2019.

Vestlandsnytt fekk også med seg den alternative verkstaden og publiserte nyhenda