Aktivitetar

Runde er ein stad som byr på mange spennande natur- og kulturbaserte aktiviteter. Her kan du nyte fuglefjellet til fots, ta ein båttur rundt øya, reise på fisktur, få en guida omvising på Miljøsenteret kor du får lære meir om Rundeskatten og dyrelivet. I næreleiken finn du Fosnavågen med Sunnmørsbadet, kulturopplevningar og serveringstilbod.

Bestill for å sjekke pris og kapasitet

Guidet omvising av Rundeskatten

Sjå Rundeskatten og fuglane

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725.

Sesong: ​11 juni  - 14 august 2016
Dagleg frå kl. 11 - 17

​Billettar

Vaksen: nok 85,-
Barn: nok 35,-
Pensjonist/ student: nok 55,-
Grupper (frå 15 pers.) nok 55,- per. pers.​

Sjå Havets sølv på Runde Miljøsenter

Guida omvising heile året

Bli med på ei guida omvising. Her får du sjå den fantastiske dokumentaren "Havets sølv" før du får ei innhaldsrik omvising av Rundeskatten og om fuglane som kjem til Runde kvart år.

Pris på førespurnad.

Kontakt oss her for eit tilbod i dag. 

Sightseeing tur med båt til fuglefjellet

Sightseeing tur med båt til fuglefjellet

​Sesong: Dagleg i somarsesongen. Kl. 11:30, 14:00 og 16:30. Turer utenom sesong på førespurnad. Atterhald om veret.

Avreise: frå hamna på Runde ved Runde Miljøsenter.

Bli med på ein tur med båt til fuglefjellet. Gaiding underveis. Turen tek ca. 2 timer. Her får du sjå og lære meir om fuglane som kjem til Runde.

Billett​ar:

Vaksen: kr ​250,-

Barn (4-12)​: kr 150,-

Sal av billetter i sesongen på Runde Miljøsenter, og om bord. For turer utenom sesong kontakt Bjørn Gustavsen på +47 93024210 

Fisketur og guida tur til fuglefjellet

Bli med om bord i Lophelia. Her kan du prøve fiskelykka og få ein guida tur til fuglefjellet på Runde frå sjøen. Ein tur rundt øya gir ei fantastisk oppleving av livet i fuglefjellet. På dagtid er dette den absolutt beste måten å sjå lundefuglen på. Avandre artar ein ofte ser kan nemnast havørn, storjo, toppskarv, krykkje, lomvi, havhest og steinkobb. Ein passerer også staden der Rundeskatten vart funnen av dykkarar i 1972.
Lophelia er 35 fot og tek inntil 12 passasjerar.

Sesong: ​heile året (med atterhald om veret.)

Pris på førespurnad.

Kontakt oss her for eit tilbod i dag. 

Bli med på ein guida fottur til fuglefjellet på Runde.

Guida tur til fuglefjellet

Fuglefjellet er det sørlegaste i Norge, og den mest artsrike staden for sjøfugl i Skandinavia. Her er alle de faste fuglefjellsartane registrert, inkludert lundefugl, krykkje, alke, lomvi, havsule, havhest og toppskarv.

Sesong: ​mars - august (med atterhald om veret.)

Pris på førespurnad.

Kontakt oss her for eit tilbod i dag. 

Rib båt til Runde

Rundt Runde i ribbåt

På ein ribtur kjem du tett på naturen. La deg fascinere av det rikhaldige dyrelivet og vakre kystlandskapet på Runde. Litt fart og spenning hører også med på ein ribtur, så her får du mange minnerike opplevingar.

Pris på førespurnad.

Kontakt oss her for eit tilbod i dag. 

Skal du halde eit kurs, konferanse eller eit selskap?

Med si plassering midt i havgapet er Runde er ein spektakulær stad for kurs, konferansar og selskap, året rundt.

Les meir om kurs og konferanse...

Kurs, konferansar og selskap på Runde. Foto: Marit Brunstad/ Sponland Foto