Bo i moderne leilegheiter med sjøutsikt og plass til fem personar. Kurs, konferansar og selskap på Runde. Foto: Marit Brunstad/ Sponland Foto Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon. Foto: Lill Haugen

Om Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon med fasilitetar for utleige av leilegheiter og lokale til kurs, konferansar og selskap.

Forskingssenteret etablerer infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet og promoterer berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Runde Miljøsenter tar på seg oppdrag frå privat næringsliv og det offentlege.

Senteret er også eit besøkssenter med faste og skiftande utstillingar som fokuserer på miljø, klima, ressursane i havet, sjøfugl og naturen på øya. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Det er kafe på senteret som er open i lag med utstillinga i sommarsesongen, men omvisingar kan avtalast heile året.

Les meir om Runde Miljøsenter...

Bestill møtepakke på Runde

Kampanjetilbod i haust! Frå kun 395 kr per person. 

Les meir om møtepakke her.

Overnatting på Runde Miljøsenter

Bo i moderne leiligheiter med sjøutsikt

  • Full tilrettelegging for sjølvhushald
  • Velg mellom enkeltrom, dobbeltrom eller heil leilegheit
  • Gratis internett og parkering
  • Godt eigna for familier

​Les meir om overnatting...

FORSKING

Runde Miljøsenter legg til rette for at forskarar frå resten av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar. Stasjonen samlar inn grunnleggande miljødata som er tilgjengeleg for forskarar som vitjar senteret, og for forskarar som arbeider med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking.

Les meir om forsking...

LEIGE LOKALE TIL KURS, KONFERANSE OG SELSKAP

Med si plassering midt i havgapet er Runde ein spektakulær stad for kurs, konferansar og selskap, året rundt. Senteret er intimt og innbyr til både effektivitet og avslapping. Vi har eit stort auditorium, møterom med sjøutsikt, selskapslokale og leilegheiter for overnatting.

Les meir om kurs og konferanse...

BESØKS- OG FORMIDLINGSSENTER

Runde Miljøsenter er eit formidlings- og besøkssenter med faste og skiftande utstillinger der vi viser dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet, og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton.Vi viser film, tek i mot grupper på omvising, og kan stille med guide på tur til fuglefjellet.


Les meir om besøks- og formidling...

Nyhende

Offisiell lansering av nye sjø-kart på Runde Miljøsenter.
Offisiell lansering av nye sjø-kart på Runde Miljøsenter. Nye høgoppløyselege sjø-kart for Søre Sunnmøre er ferdigstilt og skal offentleg opnast opp[...]
Studietur til Japan
Studietur til Japan Miljøsenteret var på tur til Japan i mai 2016 for å studere havenergi og anna marin forsking.[...]
Ny FN-rapport om havet
FN lanserte i dag den omfattande rapporten First World Ocean Assessment, som omhandlar status for maritim og marin aktivitet i[...]
Japansk besøk
Miljøsenteret hadde besøk av Yuji og Makiko Tanaka frå Universitetet i Tokyo 4-7 januar 2016. Yuji er professor i marin[...]

Forsking

Bølgjekraft og miljøverknadar
Havenergi som bølgjekraft og tidevasskraft er ny fornybar, "grøn" energi, som representerer teknologi med anteke avgrensa negative miljøpåverknadar og positiv[...]
Korreksjon av reportasjer 11. februar 2015
I etterkant av pressevisinga av dei marine grunnkarta onsdag 11. februar har det blitt behov for å korrigere og presisere delar[...]
Pressevising av marine grunnkart
Karta vart presenterte på Hareid Rådhus den 11. februar kl 1230. Sigrid Elvenes og Oddvar Longva frå NGU saman med representantar frå[...]
Søndag 28. september: Alv Ottar Folkestad fortel om tilstanden i fuglefjellet i år.
Lundefuglen har framleis problem med å få fram ungar, og Skarveura og lomviplassen er framleis tome. Men likevel ber årets[...]

Aktivitet på senteret

Søndagskafe på Runde Miljøsenter våren 2016
Søndagskafé våren 2016 Open kafe og utstilling kvar søndag 24 april - 5 juni, frå kl. 13 til 17 (stengt[...]
Søndagstur til Lundeura 17. april: Guida tur for familiar til Lundeura og fuglefjellet
Lundefuglen er komen- opplev lundeeventyret på Runde Lundefuglen er komen til fuglefjellet på Runde. Kvar ettermiddag no kjem dei små[...]
Velkomen til gratis kurs i heimekompostering
Velkomen til gratis kurs i heimekompostering Tidspunkt: tysdag 5. april klokka 1800! Søre Sunnmøre Reinhaldsverk inviterer til kursaften på Runde Miljøsenter.[...]
Søndagsforedrag 10. april: Rasa i Storfjorden under vasskorpa med Oddvar Longva
Rasa i Storfjorden under vasskorpa med Oddvar Longva Oddvar Longva er seniorforskar ved Noregs geologiske undersøking (NGU) og tilsett der[...]

Seminar og kurs

Lokalmat – tilby bedre matopplevelser
Kurs i Lokalmat - tilby bedre matopplevelser Tema: sjømat Påmelding: Stad: Runde Miljøsenter Dato: 26-27 september (lunsj til lunsj) Det[...]
Offisiell lansering av nye sjø-kart på Runde Miljøsenter.
Offisiell lansering av nye sjø-kart på Runde Miljøsenter. Nye høgoppløyselege sjø-kart for Søre Sunnmøre er ferdigstilt og skal offentleg opnast opp[...]
Velkomen til gratis kurs i heimekompostering
Velkomen til gratis kurs i heimekompostering Tidspunkt: tysdag 5. april klokka 1800! Søre Sunnmøre Reinhaldsverk inviterer til kursaften på Runde Miljøsenter.[...]
Ingen lunde II – Nordatlantisk sjøfuglseminar 20.-21. april 2015
INGEN LUNDE II: Nordatlantisk sjøfuglseminar I samarbeid med Norsk Ornitologisk Forening og Norsk Biologforening. Kva skjer med sjøfuglane på Runde[...]

Opningstider

Runde Miljøsenter er ope for overnatting, arrangementer og omvising etter avtale heile året.

Sesong kafe og utstilling

11 juni – 21 august 2016
Dagleg frå kl. 11:00 til 17:00

Sjå her for meir informasjon om utstillinga.

Forskingsavdelinga

Open alle kvardagar heile året utanom fellesferien (juli) og juleferie.

Vinn eit
FLAX lodd!


Meld deg på nyhendebrev frå Runde Miljøsenter i dag og bli med i trekninga.